Det var utgangspunktet for debattmøtet på Hylkje onsdag kveld. Då Nordhordlandsbrua opna i 1994 var det ein klar føresetnad at tunnelen skulle komma kort tid etterpå. No har den korte tida blitt til 21 år.

Som kjent har nye moment stadig sørga for at planarbeidet drar ut i tid, siste tilvekst i planprosessen er utgreiing av tilkopling mot ny ringveg øst via Arna.

LES OGSÅ: – Tenk nye tankar

Avdelingsdirektør vegavdeling Hordaland Olav Finne orienterte om status for planarbeidet.

– Det som er spesielt viktig er å sjå trafikale verknader av desse to prosjekta samla (Nyborgtunnelen og ringveg øst, red. anm), det er ei svært kompleks oppgåve. Dette utgreiingsarbeidet skal ferdigstillast i løpet av 2015, seier Finne.

– Eg er sikker på at det er fornuftig å få laga denne tunnelen, det er berre å sette i gang, seier varaordførar i Bergen, Tor Woldseth (Frp) som sat i panelet.

– Må løysast fort

– Vi kan bygge denne vegen uansett kor traseen til ringveg øst skal gå. Problemet her ute er det same, det problemet må vi løyse først, seier han, og haustar stor applaus frå salen.

Bystyremedlem i Bergen, Geir Dale (A), seier dette heilt openbert er eit samansett problem.

LES OGSÅ: undefined

– Men det er utvilsamt noko med at Bergen kommune ikkje har prioritert å få ei planavklaring, det bør det settast fortgang på, men vi klarer ikkje det åleine utan vegvesenet.

Svein Nordvik i Nordhordland Handverk- og Industrilag (NHIL) meiner Bergen må ta grep.

– Nordhordlandsregionen heier samstemt på tunnelen, det har vi gjort lenge. Det som er utfordringa er at vi heier på naboens grunn, der ligg planarbeidet. Vi må mase hyppigare og sterkare på løysingane. Min påstand er kort og godt at Bergen kommune må ta større eigarskap til ei løysing, seier Nordvik.

– Arroganse frå Bergen

– Vi i Nordhordland opplever ein slags arroganse frå Bergen si side, det kjenner vi litt på der ute. Vi opplever at dette ligg i henda på Bergen kommune, seier Bjørn Knudsen frå Meland, ein av tilhøyrarane som tok ordet.

– Eg trudde at når ein bygde europaveg var det vegmyndigheitene som var vegvalsen, seier han. Knudsen meiner det blir feil å skylda trafikkproblema rundt Hylkje på veksten i Nordhordland.

LES OGSÅ: undefined

– Det er heilt feil å seia, vi kan ikkje ta omsyn til at Bergen ikkje blir einig med seg sjølv om kor bybanen skal gå og kor ringveg øst skal møta E39, seier han.

– Kjempefrustrasjon

Sølvi Knudsen (Sp) frå Meland var òg på tilskodarplass under debattmøtet, og tok ordet etter debatten. Ho deler bebuarane i Hylkjeområdet sin frustrasjon over at det drar ut å få Nyborgtunnelen realisert.

– Eg har stemt ja til bompengar i Nordhordlandspakken, nettopp for at dette var eit viktig grunnlag for å få på plass Nyborgtunnelen i neste trinn. Eg var spent på dette møtet, men det har vore to timar med kjempefrustrasjon, seier Melandpolitikaren.

– Om dette var eit møte heilt i byrjinga av planlegginga, så kunne eg forstått, men at dette møtet vert halde 21 år etter Nordhordlandsbrua opna, er rett og slett sjokkerande, seier ho, frustrert over at det igjen er diskusjon om trasevalet for tunnelen.

LES OGSÅ: undefined

– Er det sånn at ein faktisk ønsker at det skal verta ein Nyborg-tunnel som alle er tent med, då er det ikkje tvil om kor den skal ligga, seier Knudsen.

Argumenta om at Nyborgtunnelen må realiserast for å frigjera nye område til bustadutvikling reagerer ho på.

– Nordhordlendingar har brukt mykje på bompengar før, og vil gjera det igjen, men ikkje for at Bergen kommune skal få bygga ut nye bustadområde, seier ho.