17. mai-programmet for Meland

Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

11.00-12.00 Folkemøte ved Meland kyrkje. Innslag ved elevar frå Vestbygd. Tale for dagen ved Leif Johnsen. Kransenedlegging og minnetale ved Harry Wiig Andersen.

Parkeringsplassen ved kyrkja er stengt. Parkering ved Vestbygd skule, Vardetun, Melandskaret og Dale ungdomshus. Vær vennleg å ikkje parkera i Dalesvingane.

12.00 Gratis buss til Vestbygd, Meland Aktiv og Grasdal ungdomshus

12.00-13.00: Gudsteneste i Meland kyrkje. Familiegudsteneste i Meland kyrkje ved Helge Hitland. Takkoffer til Kirkens SOS i Bjørgvin

13.00 Gratis buss til Vestbygd, Meland aktiv og vidare til Grasdal ungdomshus.

Husebøkrinsen

09.45 Oppmøte ved Nordavinden

09.55 17. mai-tog til Husebø med Rossland skulekorps

10.30 Tale for dagen ved Leif Johnsen

11.00 Kappløp og tautrekking

11.30-14.30 Hesteskokasting, skyting med luftgevær, lykkehjul og 21 lodd

12.00–14.30 Salg av middag, is, brus og kaker på Sjøslaget

14.30-15.00 Premieutdeling og avslutning i Nordavinden

Rossland skulekrins

07.00 Morgonsalutt

11.30 Oppmøte på skuleplassen. Velkomst og song ved 5. klasse. Allsong Nasjonalsongen. Rossland Skulekorps spelar opp. Oppstilling av folketoget

12.00 Salutt. Toget går frå skulen, om omsorgsbustadane, til NHIL klubbhus ved Leirdalen. Rossland Skulekorps spelar

13.00 Bodar og kafeteria opnar. Underhaldning av 5. klasse Leikar og aktivitetar for liten og stor startar

14.00 Song med Strilongane

14.25 Årets 17. mai tale ved Asbjørn Larsen

15.15 Utfordring til neste års 17. mai komité

15.30 Premiering

16.00 Avslutning

Vestbygd skulekrins

09.15 Oppmøte på skulen. Morgonappell ved elevar i 7. klasse. Song. Samling rundt klassefanene.

09.40 Avmarsj. Meland Musikklag spelar. Toget går til Meland kyrkje.

11.00 Folkemøte ved Meland kyrkje; Innslag ved elevar i 5.–7. klasse frå Vestbygd skule.

12.00 Familiegudsteneste.

12.00 og 13.00 gratis buss tilbake til Vestbygd skule.

12.30 Kafé og pølsebod opnar på Vestbygd skule.

13.00 Aktivitetane startar; Lotteri, lykkehjul, hesteskokast, pilkast, skyting, ballspel, fiskedam mm

14.00 Konkurransar – stylter, bøtteholding mm

15.30 Premieutdeling hesteskokast, pilkast og skyting. Kunngjering av vinnar av fenalåret.

16.00 Slutt

Betaling: Bongar kan kjøpast i eigen bod. Brukast som betaling på alle aktivitetar/kafé. Refusjon. Arrangør: FAU Vestbygd skule.

Sagstad skulekrins

IL Kvernbit, Sagstad Skulekorps, og Sagstad kristelege ungdomslag – SKrUL – inviterer alle til Meland Aktiv etter at programmet ved Meland kyrkje er ferdig.

12.00 Kafeen opnar. Sal av lapskaus, kaker, kaffi og brus. Me har også kaker og pølser utan gluten, sukker, soya og laktose.

12.30 Aktivitetane ute på plassen startar. Luftgeværskyting, hoppeslott, ballkast, lykkehjul, fiskedam, tombola, hesteskokasting, diskgolf, pilkast, slå på slegga mm. Sal av is, brus, pølser og sukkerspinn.

13.45 Aktivitetane i ringen byrjar. Konkurransar og stafettar for ulike aldersgrupper.

16.00 Kafe og aktivitetane stenger.

Dersom været er dårleg, vert heile programmet flytta inn i hallen på Meland Aktiv.

Austebygd

Stad: Grasdal skule

08.00 Flaggheising

09.45 Oppmøte ved ungdomshuset på Grasdal. Appell v/Siren G. Øvretveit og tog til Meland kyrkje

11.00 Folkemøte ved Meland kyrkje. Sjå eige program

12.00 og 13.00 Gratis buss frå kyrkja til Grasdal ungdomshus via Sagstad.

13.00 Kafeen og arrangementet på skulen startar. Sal av betasuppe, kaffi og kaker, pølser, is og brus

13.15 Program på skulen. Velkommen. Underhaldning v/elevar frå 4. og 5. klasse v/Grasdal skule. Tale v/ordførar Øyvind Oddekalv. Utdeling av vandrepokal til beste klasse i 17. mai toget

14.00 – 15.30: Aktivitetar og leikar for born og vaksne. Lykkehjul, fiskedam, boksekast, hesteskokast, skyting ++++. Loddsal

14.30: Trehjulsykling for dei minste

15.00: Potetløp

15.30: Avslutning med premieutdeling

Flatøy

08.00 Flaggheising

12.30 Barnetoget startar v/ Flatøy skule. Kafé opnar: Sal av rømmegraut, spekemat, kaffi og kaker

13.00 Kiosken, leikane opnar. Sal av brus, is, pølser m.m. Det vore og riding på hest

13.30 Program på skuleplassen: Velkommen

14:00 Tale for dagen v/Henrik Flatøy. Etter talen fortset leikane og riding på hest

15.30 Skyting, hestesko og pilkast vert avslutta

15.45 Premieutdeling

16.00 Fotballkamp mellom 7. klasse og foreldra

16.30 Avslutning

Meland sjukeheim

08.00 Flaggheising

09.00 Sagstad skulekorps spelar

17.00 Song, musikk og dikt ved Arvid Sakseide og Bjørgunn Sudmann. Sjå elles eige program i avdelinga for bebuarar.

Ungdomshuset på Dale

09.00-13.00 17. mai frukost/ kafé i ungdomshuset på Dale. Sal av snittar, kaffi, kaker, hot likevel, is og brus.

12.30 Trekning av 17. mai-lotteriet

Arr: Solglytt ungdomslag

Artikkeltags