Har vi Norges skarpaste 10. klasse-lag?

Artikkelen er over 3 år gammel

I beste sendetid i kveld får vi sjå om vi har landets glupaste 10. klassingar.

DEL

– Korleis det går kan eg jo ikkje røpa, men eg kan sei at vi fekk hard konkurranse, og at det var veldig kjekt, fortel Herman Villanger, som saman Med Lene Brakstad og Sigurd Uthaug fekk representera Hordaland i år, etter å ha danka ut 40 andre lag. Til slutt sto berre dei to laga frå Lynghaug skule og Meland Ungdomsskule att i ein spennande fylkesfinale.

– Vi låg bak, men klarte å henta poeng heilt på slutten, og gjekk til slutt forbi dei, fortel Villanger. Då blei neste stopp Oslo, saman med kontaktlærar Kjartan Espeland.

Til superfinalen?

Opptaka til programmet vart gjort for halvanna veke sidan, og Herman fortel at det var tre spennande dagar i hovudstaden.

– Tysdagen blei vi henta og køyrd til NRK på Marienlyst, der vi spelte inn programmet. Her møttes alle dei 19 laga frå heile landet, og dei tre beste laga herfrå kom til superfinalen, som blei spelt inn onsdagen, fortel Villanger. Han synes det var stas å treffa på NRk-kjendisar, og å sjå seg rundt i lokala der mange av NRK sine program vert til.

LES OGSÅ: Kom ikkje til superfinalen

I beste sendetid

Klassequizen startar i radio, fortsett både på nett og på radio, før den vert avslutta med TV-sendt landsfinale i beste sendetid i kveld. Årets klassequuiz er den fjerde i riksdekkjande utgåve, og interessa for å vera med er stor. I fjor deltok 453 skular frå det ganske land, og i år er påmeldinga like god.

I kveld vil programleiar Zelda Ekiz stå klar for å kåra ein vinnar i 2016 utgåva av Klassequizen. Vil du sjå om dei smartaste 10. klassingane i landet bur i Meland, så er det berre å skru på NRK klokka 19.55.

Hermann Villanger gler seg til å benka seg framfor TV med vener og familie på hytta i Gulen i kveld.

– Det vert stas, men og litt flaut trur eg.

Artikkeltags