Kom ikkje til superfinalen

Artikkelen er over 3 år gammel

Herman, Lene og Sigurd blei slått ut i Oslo i "Klassequizen".

DEL

– Vi kom dessverre ikkje vidare, men det har uansett vore ei fantstisk oppleving, som eg tek med meg vidare, seier Herman Villanger, som såg sendinga saman med familien på hytta i Gulen i kveld.

Saman med Lene Brakstad og Sigurd Uthaug fekk han representera Hordaland i «Den store klassequizen» i år, etter å ha danka ut 40 andre lag. Til slutt sto berre dei to laga frå Lynghaug skule og Meland Ungdomsskule att i ein spennande fylkesfinale.

– Vi låg bak, men klarte å henta poeng heilt på slutten, og gjekk til slutt forbi dei, fortel Villanger. Då blei neste stopp Oslo, saman med kontaktlærar Kjartan Espeland.

LES OGSÅ: Har vi Norges skarpaste 10. klasse-lag?

Litt uflaks

Opptaka til programmet vart gjort for halvanna veke sidan, og Herman fortel at det var tre spennande dagar i hovudstaden.

– Tysdagen blei vi henta og køyrd til NRK på Marienlyst, der vi spelte inn programmet. Her møttes alle dei 19 laga frå heile landet, og dei tre beste laga herfrå kom til superfinalen, som blei spelt inn onsdagen, fortel Villanger. Han synes det var stas å treffa på NRK-kjendisar, og å sjå seg rundt i lokala der mange av NRK sine program vert til.

– Det klaffa ikkje heilt, og vi hadde litt uflaks på dei spørsmåla vi måtte gjetta på. Men sånn er det, vi hadde hard konkurranse, seier Herman, som likevel synes det var kjekt å vera med.

Fest på hytta

Klassequizen startar i radio, fortsett både på nett og på radio, før den vart avslutta med TV-sendt landsfinale i beste sendetid i kveld. Årets klassequuiz er den fjerde i riksdekkjande utgåve, og interessa for å vera med er stor. I fjor deltok 453 skular frå det ganske land, og i år er påmeldinga like god.

I kveld stod programleiar Zelda Ekiz klar for å kåra ein vinnar i 2016 utgåva av Klassequizen, men det blei altså ikkje Meland som stakk av med sigeren.

– Vi kjem til å feira med ein liten fest uansett, røper Herman Villanger.

Artikkeltags