Prydar tysk vekemagasin

TROLL og JOMFRU: Bildet er tatt på den smale vegen mellom Hillesvåg og Kleivdal. Modell er austerrikske Sonja Grossalber. – Om ein ser etter i mosen bak ho, ser ein ansiktsforma frå «Trollet» som ek fatt i ho, seier fotografen som har laga bildet med inspirasjon frå «Bygdetrollet» som prøver dra til seg dei som er utanfor A4-ramma.

TROLL og JOMFRU: Bildet er tatt på den smale vegen mellom Hillesvåg og Kleivdal. Modell er austerrikske Sonja Grossalber. – Om ein ser etter i mosen bak ho, ser ein ansiktsforma frå «Trollet» som ek fatt i ho, seier fotografen som har laga bildet med inspirasjon frå «Bygdetrollet» som prøver dra til seg dei som er utanfor A4-ramma.

Artikkelen er over 4 år gammel

Han har måtta tola mykje pes for akt-bilda sine her heime. Men i vekemagasinet STERN i Tyskland med 7.6 millionar lesarar prydar bilda hans framsida.

DEL

Heilt sidan han gjekk på Knarvik ungdomsskule har Bjørn Rossland hatt hobby som foto. Men då han fekk livet i gåve igjen for snart to år sidan, tok han hobbyen til nye høgder. I desse dagar er han på full fart inn i eit fotofellesskap i Indre Arna.
 

– 21. februar 2013 svartna det og eg fekk eit stort hjarteinfarkt som lyn frå klår himmel. Kirurgane på Haukeland fekk dradd meg tilbake «over kanten» og eg vart utskriven med hjartesvikt og 30 prosent redusert pumpekapasitet, fortel han. Etter kvart som kreftene byrja venda tilbake, byrja han å fotografera. Men slettes ikkje kva som helst.
 

– Eg har alltid vore spenningssøkande, så blomster og hundar var ikkje mi greie. I staden byrja eg med aktfoto og dei relativt mørke scenene, seier Bjørn. Reaksjonane let ikkje venta på seg.
 

– Du kan jo tenka deg; ein feit skalla fotograf i 40 åra, og ei dame på 20 pluss. Det har vore litt av kvart på folkemunne, seier han og legg til at han ikkje er overraska over reaksjonane. Dei må ein tola som akt-fotograf. Sjølv om dei fotografiske motbakkane har vore tøffe, er det i dag 4100 menneske som følger Bjørn Rossland på Facebook. Og han har fått internasjonal anerkjenning for bilda sine.
 

– Sjåarar i andre europeiske land ser med heilt andre auge på akt-bilda mine. Eit godt døme på det er når vekemagasinet STERN i Tyskland no har plukka ut to av bilda mine til sine 7.6 millionar lesarar, seier han. Nyleg pryda eit anna bilde framsida. Dei to bilda er «Kokongen», tatt i Bøkeskogen på Seim og «Troll og Jomfru», tatt på vegen mellom Hillesvåg og Kleivdal.
 

– Tanken bak «Kokongen» er den litt surrealistiske at vi er fødde på jorda og den tilknytinga vi har til den. Modell Trine Sejrup i ein «kokong» klar for «storken» til å henta ho til livet blant menneska, seier fotografen. – «Troll og Jomfru» er laga med inspirasjon frå «Bygdetrollet» som prøver å dra til seg dei som er utanfor A4-ramma, seier Bjørn.
 

Også i det internasjonale fotosamfunnet 500PX finn ein fleire av Bjørn sine bilde. Dette er eit samfunn der bilde «scorar» poeng frå fotografar rundt om i verda, og der strilefotografen kan visa til gode plasseringar.

Artikkeltags