Dette er dei 20 mest leste opne sakene våre i 2018

DEL

Dei opne sakene våre er ofte hendingar som skjer i trafikken, krim eller andre hendingar. Såkalla fellesstoff. Årets liste er prega av fleire tragiske hendingar. Men og ei romantisk kvinne og Ex on the beach er på lista.

Det var den andre dødsulykka på kort tid på fylkesveg 57. Mange lesarar ville lesa om kva som hadde skjedd.

I september vart det kjend at ein fridykkar ikkje kom opp att til overflata etter eit dykk i Lurefjorden. Det heile enda tragisk.

Når det skjer alvorlege hendingar i trafikken er det avisas jobb å omtala det. Det gjorde me i denne tragiske saka frå fylkesveg 57.

Heldigvis er ikkje alle saker like tragiske. Dette romantiske lesarbrevet var det tusenvis av nordhordlendingar som ville lesa om

Ein fredag ettermiddag heldt ein bil på å enda i fjorden. Det var det mange som ville lesa om

Tidleg i januar skjedde dette uhellet som stoppa trafikken til og frå Frekhaug i timevis.

I juli vart det sett i verk ein storstila leiteaksjon etter at ein mann forsvann frå ein fest, berre kledd i badeshorts.

I januar fekk politiet melding om 10–12 skot som var fyrt av i Meland

Ein gut vart alvorleg skadd etter eit uhell i ein barnehage.

Utsikten er ein berykta plass i trafikken i Meland. I januar var fire bilar involvert i ei ulykke der.

Fleire politipatruljar leita i sommar etter ein valdsmann på Frekhaug.

I sommar fekk ein sjåfør anfall medan han hadde fleire passasjerar i bilen.

Glatte vegar kjem alltid like overraskande på folk. I januar var det veldig glatt den 25. januar, då hamna to bilar i grøfta på kort tid.

Adrian Sellevoll gjorde seg i år merka i serien Ex on the beach. Då det vart kjend at han skulle vera med der, mista han ei modellkontrakt med ein gong.

2018 starta ikkje bra for denne mannen som enda i grøfta etter ein køyretur.

I april vart det kjend at ein mann frå Nordhordland mista livet i ei skredulykke i Lofoten

Det var mange som ville lesa saka som omtala kven som mista livet i fridykkarulykka.

Her kan du sjå oversikta over kva saker våre abonnentar var mest interessert i dette året:

Artikkeltags