Påske framfor skjermen
PÅ DATAPARTY: Eirik Hagesæter (nærast) og Espen Austegard var to av mange som nytta påsken framfor PC-skjermen på Errors sitt dataparty i Meland Aktiv.
Dataparty i Meland Aktiv.
Det er mørkt og stilt i Meland Aktiv lørdag føremiddag, og dei fleste datapartydeltakarane tar seg ein lur etter nattas strabasar. Men enno held nokre få koken.
- Eg merkar at eg er litt sløv i hovudet no, men elles går det fint, seier Eirik Hagesæter, medan han lar nokre terroristar få unngjelda på PC-skjermen.
Saman med fetteren Espen Austegard meldte han seg på Errors sitt dataparty i Meland Aktiv denne påsken, og han har store planar om å halda seg vaken gjennom heile arrangementet.
- Det trur eg skal gå bra, seier Eirik, som allereie hadde lagt eit vakedøgn bak seg då Nh var innom fleirbrukshallen på Fossemyra.
- Men det er ikkje noko problem å sova om du vert trøytt. Det er også mogelegheit for å spela fotball eller andre aktivitetar om du går lei PC-en, legg Espen til.
Les meir om datapartyet i Nh onsdag...