På veg til retten igjen

STØTTE: Randi Moen har vore ein god støttespelar for Zarife.

STØTTE: Randi Moen har vore ein god støttespelar for Zarife.

Artikkelen er over 9 år gammel

Zarife Kashtanjeva.

DEL

Zarife Kashtanjeva må stilla i lagmannsretten i november. Ho hadde håpa marerittet var over då statsminister Jens Stoltenberg i sommar ville endra regelverket slik at filippinske Laila Navrud skulle få bli i Norge.

Laila Navrud har fått stor blest i riksmedia, på mange måtar er dette ei sak som har fleire like punkt med i Zarife-saka. Begge sakene handlar om ulovleg arbeid og barn i Norge.

- Utlendingsforskrifta vil verta endra slik at utlendingar som har barn i Norge og fyller vilkår for familiegjenforeining som hovudregel ikkje skal utvisast på grunn av ulovleg arbeid, sa Stoltenberg mellom anna i talen sin.

- Følte lovendringa gjaldt meg

- Eg følte at den varsla lovendringa gjaldt meg, og eg våga å håpa på at eg endeleg kunne gå vidare med livet mitt, saman med familien min, seier Zarife.

No viser det seg at kvardagen vart ikkje så rosenraud for Laila Navrud heller når det bar til stykket. Og for Zarife kom sjokket nyleg då ho fekk beskjeden om at UNE står fast på ankesaka si.

I fjor vann Zarife fram på alle punkt i Oslo tingrett, men Zarife seier det no ser ut som om UNE har bestemt seg for at ho skal ut.

Umenneskeleg press

Med mann og to barn, som no er fire og snart tre år, dreier dette seg om gjenforeining.

Tingretten la vekt på den sterke rolla mora har i barna sitt liv, men UNE nekta å godta dommen i tingretten. Vert ho utvist, vert det for to år.

- Det har vore forferdelege månader, seier Zarife og fortel at den viktige delen av livet hennar, der barna treng henne heilt og fullt, er i ferd med å bli borte for ho.

- Rawand er blitt så stor at han ser at noko er i vegen og han spør stadig vekk kva det er som er i vegen, seier Zarife.

Ho spør seg stadig, kvifor henne. Ho har prøvd så godt ho har kunna å vera open og ærleg på alt ho har gjort og har heile vegen søkt råd hjå andre.

Men andre, som ho meiner han gjort større brotsverk enn henne, dei får bli.

- Kor er demokratiet, spør ho. Om månadane har vore tunge, har ho prøvd å gjera det beste ut av dagane sine. Kvar onsdag stiller ho som frivillig på eldresenteret i Meland.

Kontakt

- Eg likar kontakten eg får med dei eldre, seier ho og innrømmer også at ho sjølv då får andre ting å tenkja på enn hennar eigen vankelege situasjon.

- Støttegruppa har vore til stor hjelp for meg. Eg vil gjerne takka dei alle, spesielt Randi Moen, som nesten er blitt eit familiemedlem. Utan henne og dei andre si støtte, ville eg ikkje klart denne vanskelege tida, seier Zarife.

Advokat Halvard Helle er no i ferd med å førebu seg til ankesaka som kjem opp i borgarting lagmannsrett i november.

Av omsyn til teieplikta ønskjer ikkje han å kommentera saka ovanfor Nh.

Artikkeltags