Denne skulen skal byggast fyrst ut I Meland

Fyrste skuledag på Sagstad skule. 2015/2016.

Fyrste skuledag på Sagstad skule. 2015/2016. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Meland vil byrja skulebygging i februar.

DEL

ANNONSE: Få 50 prosent rabatt på Avisa Nordhordland ut året.

Meland kommune held no på med anbodsprosessen for utbyggingane av Sagstad og Grasdal skule. Ettersom utbygginga på Sagstad ligg over EØS terskelverdien, og dermed krev den lengste prosessen, vil anbodet for denne skulen gå først i gang.

Det melder Meland kommune på sine heimesider.

Eit samrøystes formannskap gjekk i byrjinga av september inn for full utbygging av Sagstad og Grasdal skular til 97 millionar. Det er 53 millionar meir enn i den vedtekne økonomiplanen for 2016–2019. Politikarane har bestemt seg for å setta andre investeringar på vent for å bygga ut desse skulane.

LES OGSÅ: Set andre investeringar på vent, går for skuleutbygging

Det er no lagt ut eit prekvalifiseringsgrunnlag for utbygginga på Sagstad skule. Prekvalifiseringa skal kvalifisere inn mellom 5 og 7 entreprenører som får bli med vidare i sjølve anbodskonkurransen. Etter planen skal heile anbodprosessen for Sagstad vere avslutta i desember.

Fyrste skuledag på Sagstad skule. 2015/2016.

Fyrste skuledag på Sagstad skule. 2015/2016. Foto:

Anbodet på utbygginga av Grasdal skule vil bli lagt ut i november/desember. Denne prosessen er i utgangspunktet noko raskare å gjennomføre, og det er planlagt at anbodsprosessen skal vere avslutta i januar.

LES OGSÅ: Grasdal skule har venta lenge nok: – Det er vår tur no

Kommunen reknar med at sjølve byggearbeida kan gå i gang i anten februar eller mars på Sagstad og i eing gong i perioden april til mai på Grasdal.

Før dette må det gjennomførast detaljprosjektering av prosjekta.

Begge skulane skal stå ferdig innan skulestart hausten 2017. I mellomtida vil plassbehovet bli dekka av midlertidige modulbygg.

LES OGSÅ: Iben og Leonida er to av fleire hundre nordhordlendingar som måndag byrja på skulen for fyrste gong: – Det er ein spanande dag

Artikkeltags