Denne mannen gjev vekk 1500 lastebillass med stein

HELD PLANEN: Vidar Nottveit seier dei reknar med å verta ferdig med bygginga over Flatøy i oktober 2016.

HELD PLANEN: Vidar Nottveit seier dei reknar med å verta ferdig med bygginga over Flatøy i oktober 2016.

Artikkelen er over 4 år gammel

Må kvitta seg med 15.000 m3 med stein.

DEL

Giganutbygginga over Flatøy skal halda på i godt over eit år til.

Prosjektet til 98 millionar kroner inkluderer nye bruer og kulvertar, omlegging av veg og ikkje minst beinare og breiare veg. Totalt skal 90.000 m3 med stein sprengast vekk.

Sprengingane føre med seg eit problem. Overskot på stein. Per no har Statens vegvesen 15.000 kubikk med stein dei må verta kvitt. Difor går dei no ut etter interessentar som vil henta stein.

Men det gjeld å vera raskt ute.

– Me er klare til å levera alt i neste veka, om folk er interesserte og har planane i orden, seier Nottveit.

Men om du berre skal ha nokre stein i hagen er du ikkje aktuell.

– Me er ute etter dei som kan ta litt større kvanta. Dei som kan tilby oss dei beste løysingane, vil få tilbodet, seier han.

Artikkeltags