Full utrykking til Meland kyrkje

DEL

Onsdag morgon rykka Nordhordland brannvern ut til Meland kyrkje etter at brannalarmen hadde gått.

Det var ein automatisk brannalarm som hadde løyst seg ut.

– Brannvesenet har ikkje kunnet sjå noko som har utløyst alarmen, seier Peter Nordgren ved 110-sentralen til avisa Nordhordland.

Ståle Hauge, utrykkingsleiar i Nordhordland brannvern var på staden.

– Eg er glad for at offentlege bygg er direkte knytt til 110-sentralen så me kan ha ei rask utrykking om det skulle skje noko, seier Hauge til avisa Nordhordland.

Artikkeltags