Octavia

21. juni 2018, kl. 00:00

Jentekoret tilhøyrande Meland kyrkjelyd leggjast ned etter 15 år. På denne tida har dei rokke å få med seg gode plasseringar i både nasjonale og internasjonale konkurransar, og har halde konsert i land som Italia, England og Estland, for ikkje å snakke om på 3000 fots høgde på eit SAS-fly over dei franske alpane. Dirigent Eirin Beate Åserud-Løvlid meiner det er vemodig at koret no forsvinn, men håpar at jentene klarar å halde fram med lidenskapen sin på andre måtar. Ho skal halde fram med å dirigere blant anna Bergen Domkirkes Jentekor (BDJ), samt som piano- og songlærar i kulturskulen i Meland.