Medaasprisen til Herborg Kråkevik og Jon Eikemo

Herborg Kråkevik og Jon Eikemo er vinnarar av årets Medaaspris

Herborg Kråkevik og Jon Eikemo er vinnarar av årets Medaaspris Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Det er to av Noregs framste kulturberarar som står på scena i lag når Medaasprisen 2015 vert delt ut 27. september

DEL

Det er i år 15 år sidan den første Medaasprisen var delt ut. Sidan 2000 har det kvart år unnateke 2004 blitt kåra ein Medaasprisvinnar.  Styret i Medaasprisen har i jubileumsåret 2015 vedteke at det skal delast ut to Medaasprisar.

Medaasprisen blir årleg tildelt ein utøvande kunstnar, som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Prisane vert delt ut under Medaaspriskonserten på Nordhordland Folkehøgskule søndag 27.september 2015

I år er det altså Jon Eikemo og Herborg Kråkevik som stikk av med kvar sin pris.

Begge to bør vera kjent for dei aller fleste. Den mest lokale er sjølvsagt Jon Eikemo frå Breistein i Åsane.

Artisten i seg, fann han allereie som liten gut, då han stod på ein fiskekasse og skapte seg for folk framfor landhandelen til faren Johannes heime på Breistein.  Sidan utvikla han imitasjonstalentet og gjekk vekk frå å apa til å skapa.

I 1958 kom han inn på Statens Teaterskole ved første forsøk, og tre år seinare debuterte han som Paul i «Medmenneske» på Riksteatret der han var tilsett frå 1961 til 1963. Jon Eikemo har vore tilsett ved seks av dei framste teaterscenene i Norge, lengst ved Det Norske Teatret der han var frå 1978 til 2010. I tillegg til mange store roller på teaterscenene har han hatt eit utal sentrale roller i film, fjernsyn og på revyscener. 


Jon Eikemo har vore busett det lengste av livet i Oslo, men har alltid stått opp for strilekulturen og morsmålet sitt, og har lukkast i å få ut kunsten til eit breitt publikum over heile landet ved å bruka sin eigen dialekt på scena.

Å formidle ordkunst slik Jon Eikemo har gjort i over femti år, utgjer eit uunnverleg bindeledd mellom generasjonar og miljø av scenekunstnarar, regissørar og teaterinstruktørar i norsk teater- og filmhistorie, skriv juryen i si grunngjeving.

Jon Eikemo er høgt dekorert for sin innsats i norsk kulturliv der han allereie i 1979 vann spellemannsprisen i open klasse for si tolkning av Jakob Sande sine dikt. I 1991 gav Eikemo diktaren frå Fjaler eit nytt løft, då han i samarbeid med Vidar Sandem på Det Norske Teatret laga ei framsyning på diktinga til Jakob Sande. For denne oppsetjinga med tittelen Jakob Sande & Jon Eikemo-Trur eg.. , mottok Jon Eikemo kritikarprisen og la heile landet for sine føter. Jon Eikemos Sande-suksess er ein av dei største suksessane i norsk teaterhistorie.

Herborg Kråkevik er frå Jondal i Hardanger og vaks opp i ein heim prega av song og musikk og med sterk tradisjon for parodiering. Men med mangel på publikum i barndommen, så vart det helst sauene heime i Jondal som fekk gleda av talentet hennar.

Etter å ha kuppa det lokale Tensing-koret, starta ho karriera med å vinna Ungdommens Kulturmønstring i Hordaland i 1992. Ho søkte på Romerike Folkehøgskole, men kom ikkje inn. Det gjorde ho derimot på musikkteaterskulen Guildford School of Acting i Surrey i England. Men i mellomtida medverka ho i René Bjerkes kortfilm «Det rare».

Etter berre eit år i Guildford slutta ho for å spele kabaret på Zachariasbryggen i Bergen saman med gitaristen og komponisten Kenneth Sivertsen. I fire år opplevde dei to ein formidabel suksess, både på Vestlandet og i Oslo. I 1995 hausta Herborg stor suksess for si sjølvkomponerte framsyning «Haugtussa» basert på Arne Garborgs diktsyklus. Eit prosjekt som også resulterte i albumet «Mi Haugtussa» og turné. Herborg Kråkevik har sidan opplevd eventyrleg suksess, anten det har vore plateinnspelingar, kabareter eller skodespel, seinast i Bergen på Den Nationale Scene, i rolla som Petra i musikalen Hellemyrsfolket basert på romanserien til Amalie Skram.                                            

I grunngjevinga si kvifor Kråkevik får årets pris skriv dei at ho er ein høgt skatta kulturformidlar.

Ho viser i all si framferd stor kjærleik til heimbygda, språket, tradisjonane, identiteten, og sist men ikkje minst den norske kulturen. Herborg Kråkevik har teke tak i og fornya delar av norsk kulturarv som har vore lite påakta dei seinare åra og har oppnådd stor suksess med sine kabaretar og tolkingar av gamle norske folkeviser.

Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og 20.000 kroner.

Artikkeltags