Alexandra Wiik Holm. Malin Larsen.

Alexandra Wiik Holm. Malin Larsen. Foto:

– Eg trur ikkje det er så lett for enkelte kristne, homofile tenåringar å få slengt eit nei frå 13 prestar rett i fleisen

Yngve Garen Svardal
Publisert
DEL

Homofile i Nordhordland føler det som ei avvisning frå kyrkja si side når 13 av 15 prestar seier nei til å vigsla dei.

– Det er dobbeltmoral å seia det eine og gjera det andre.

Det seier Ståle Sleire Johansen til avisa Nordhordland.

Han er kristen og homofil og er glad for at kyrkja no har opna for at homofile no kan gifta seg i kyrkja. Men han reagerer på at heile 13 av 15 prestar i Nordhordland seier nei til å vigsla homofile. Samstundes seier alle prestane at homofile er velkomne i kyrkja på gudstenester og andre hendingar i Guds hus.

LES OGSÅ: 13 av 15 prestar i Nordhordland nektar – Berre Tone vil via homofile

– Homofili er naturleg

– Ein føler seg ekskludert når den haldninga framleis rår, seier masfjordingen.

Ja, absolutt. Eg får faktisk frysningar av det, kjærleiken er jo størst uansett

Ståle Sleire Johansen

Han seier at det har vore veldig omsnakka i dei homofile miljøa dette med at dei no kan få gifta seg i kyrkja. Han kallar det ein aksept frå resten av samfunnet, no slepp dei å stå på utsida. Han kallar seg sjølv for ein truande mann. Men han brukar og kyrkja mykje som musikant, då han er aktiv i brassmiljøet.

– Korleis har det vore, å spela konsertar i ei kyrkje som på mange måtar ikkje vil ha deg der?

– Det har vore litt rart. Eg tenker på det kvar gong eg er i kyrkja at eg er ikkje heilt godkjent. Likevel er eg der med folk og kosar meg, seier han.

Ståle Sleire Johansen.

Ståle Sleire Johansen. Foto:

Han meiner også at det ikkje held mål å komma med argument som at ekteskapet er til for at ein skal laga barn.

– Alt liv på denne planeten har homofili blant seg. Det er heilt naturleg, livet er sånn, meiner han.

LES OGSÅ: Klar tale om vigsle av homofile: – Prestane er grå og gamaldagse

– Bibelen er ei flott historie

Sleire Johansen håpar at dei negative berre er ein minoritet i Nordhordland. Sjølv har han aldri opplevd negative hendingar grunna legninga si i Nordhordland. På den andre sida er han og den einaste opne homofile han veit om i heile Masfjorden.

Som truande har Sleire Johansen sjølv lest bibelen og kallar det ei flott historie med masse flotte ting i seg.

– Det står vel og at størst av alt er kjærleiken?

– Ja, absolutt. Eg får faktisk frysningar av det, kjærleiken er jo størst uansett, meiner han.

I Meland bur Malin Larsen saman med sambuaren sin Alexandra Wiik Holm. Kvinnene har vore kjærastar i seks år no. Dei føler seg heller ikkje velkomne inn i kyrkja når 13 av 15 prestar seier nei til å gifta dei.

Både ho og kjæraste Wiik Holm er glade for at kyrkja har opna for homofilt ekteskap. Men dei var overraska då dei las avisa og såg kven av prestane som sa nei.

– Det var litt rart at presten i Meland sa nei. Ein prest me har vore i både dåp og gravferd hjå, seier Wiik Holm.

Ingen av dei vil gifta seg i kyrkja. Larsen har meldt seg ut av heile kyrkja.

– Tradisjonelt sett skulle eg helst ha gifta meg i kyrkja, men eg trur det ville følast litt rart, seier Wiik Holm.

LES OGSÅ: – Prestane er absolutt ikkje gråe og triste

– Vanskeleg å ikkje ta det personleg

Larsen peikar på at ho er både døypt og konfirmert i kyrkja. Fadder til eit barn er ho og.

– Då har det aldri vore stilt eit spørsmål ved legninga mi. Men om eg tek eit personleg val og finn ut at eg vil gifta meg med ei av same kjønn, då får eg beskjed om at det trur ikkje presten på. Det litt vanskeleg å ikkje ta det personleg, for det går jo direkte på deg sjølv. Og det er jo på ein måte ei avvisning, seier Larsen.

– Det var litt rart at presten i Meland sa nei. Ein prest me har vore i både dåp og gravferd hjå

Alexandra Wiik Holm

Ho seier at både ho og Wiik Holm er sterke nok til å lesa om slike haldningar frå prestane i Nordhordland. Men er meir uroa for dagens unge.

– Eg trur ikkje det er så lett for enkelte kristne, homofile tenåringar å få slengt eit nei frå 13 prestar rett i fleisen, seier ho.

Difor hyllar begge kvinnene og Sleire Johansen presten Tove Mette Dyrkolbotn som er den einaste presten i Nordhordland som seier ja til å vigsla homofile.

LES OGSÅ: Knarvik-presten: – Barn har rett til å kjenna foreldra

Trur Dyrkolbotn vil møta mykje motstand

– Ho skal ha respekt for at ho står fram og seier det ho seier. Det er nok ikkje berre enkelt når ho skal byrja i ny jobb. Det var utruleg imponerande, seier Larsen.

– Eg trur ikkje det er så lett for enkelte kristne, homofile tenåringar å få slengt eit nei frå 13 prestar frett i fleisen

Malin Larsen

– Eg likte og det at ho hadde tenkt gjennom det heile og forklarte kvifor det var greitt for ho, legg ho til.

Tone Marit Håland Dyrkolbotn

Tone Marit Håland Dyrkolbotn Foto:

Sleire Johansen er heilt einig.

– Det er heilt fantastisk at ho gjere det. Det skulle berre mangla, men eg trur ho kjem til å møta mykje motstand, seier han.

Alle saman er glade for at det er nye tankar på veg inn i den norske kyrkja.

– Om 100 år er dette gløymt. Då ler ein av det heile, sluttar Wiik Holm.

LES OGSÅ: – Eg heiar på den kvinnelege presten i Nordhordland

Artikkeltags