– Han har sett djupe spor

MINNEPRIS: Forfattar Lars Petter Sveen er den første forfattaren som mottar Jan Roar Leikvolls minnepris.FOTO: Det Norske Samlaget

MINNEPRIS: Forfattar Lars Petter Sveen er den første forfattaren som mottar Jan Roar Leikvolls minnepris.FOTO: Det Norske Samlaget

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Forfattar Lars Petter Sveen har fått Jan Roar Leikvolls minnepris.

DEL

Forfattaren Jan Roar Leikvoll (1974–2014) vart berre 40 år, og gav ut fire romanar i sitt forfattarskap.

Jan Roar Leikvolls minnepris vart oppretta i samarbeid mellom familien og forlaget, onsdag kveld vart prisen delt ut for første gong.

LES OGSÅ: Leikvoll fekk Stig Sæterbakkens minnepris

Prisutdelinga skjedde på eit arrangement i samband med Litteraturfestivalen på Lillehammer, med familien til Leikvoll til stades.

– Det var laga eit eige arrangement der inviterte gjestar fortalde om Jan Roar som person og forfattarskapet hans, fortel søstera Christine Leikvoll, som var på utdelinga.

Nært og personleg

Skodespelar Anderz Eide las utdrag frå Jan Roar Leikvoll sine bøker «Fiolinane», «Songfuglen», samt frå «Forkynnaren», som vert gjeve ut i august, og er eitt av fleire bokmanus som Leikvoll etterlet seg.

Prismottakar Lars Petter Sveen var både kollega og ven med Leikvoll.

LES OGSÅ: Bjørnsonstipendet til Jan Roar Leikvoll

– Han sa òg i sin tale at det var ingenting rundt det å skrive dei to ikkje hadde snakka om, fortel Christine Leikvoll.

– Alle som snakka om Jan Roar i går hadde både eit kollegialt og vennskapsforhold til han, det var nært, varmt og personleg det dei kom med, seier ho.

– Alt for tidleg

Familien er naturleg nok sterkt prega av at Leikvoll gjekk bort så alt for tidleg.

– Det er veldig todelt at det kjem ein minnepris, seier Christine Leikvoll.

– Det er fint på den måten at han har sett eit tydeleg avtrykk i den norske litteraturen. Men minneprisen kjem alt for tidleg, det er det som er vondt. Ein slik minnepris skulle komme om fleire tiår, han skulle vore her lenge enno, seier ho.

Modig prosaist

Om prisvinnaren seier juryen følgande:

– Vi har å gjere med ein original og ikkje minst modig prosaist som syner ein særmerkt vilje og evne til å gripe tak i flikar av kjent stoff og gjere dette til sitt eige. Dei bøkene prisvinnaren har bak seg til no, syner eit stort spenn i når det gjeld stofftilfang og tematikk, men er likevel prega av ein etisk og stilistisk konsekvens som gjer at dei framstår i tydeleg samanheng. Dette siste er òg heilt klart i Jan Roar Leikvoll si ånd. Det har ikkje vore avgjerande for vurderinga, men juryen gler seg likevel over å kunne utrope ein prisvinnar som syner tydeleg litterær slektskap med Leikvoll sjølv.

LES OGSÅ: Brutale Bovara

Jan Roar Leikvolls minnepris er eit samarbeid mellom familien til Jan Roar Leikvoll og Det Norske Samlaget. Prisen blir delt ut årleg, i utgangspunktet i tre år, og er på 50 000 kroner. Han går til eit nynorsk, skjønnlitterært forfattarskap av høg kvalitet og originalitet. Forfattaren må ha debutert etter 2005 og kan maksimalt ha gitt ut fire titlar.

Artikkeltags