Ny brannbil på plass

TIDLEG INNSATS: Den nye brannbilen er innreia av brannkonstabel Ole Vetås, som her demonstrerer utstyret for Melandordførar Nils Marton Aadland og varaordførar May Eva Sandvik i Lindås. Til venstre industrivernleiar Tom Lilleskare frå Frank Mohn Flatøy.Alle foto: Morten Sæle

TIDLEG INNSATS: Den nye brannbilen er innreia av brannkonstabel Ole Vetås, som her demonstrerer utstyret for Melandordførar Nils Marton Aadland og varaordførar May Eva Sandvik i Lindås. Til venstre industrivernleiar Tom Lilleskare frå Frank Mohn Flatøy.Alle foto: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

MELAND: Ein ny brannbil med base på Frank Mohn Flatøy sikrar beredskapen om Fv 57 er blokkert.

DEL

Plasseringa av den nye brannstasjonen på Alverflaten er ein beredskapsmessig utfordring for Lindås og Meland brann og redning. Seinast på torsdag, like før den nye brannbilen skulle presenterast, stod fire vogntog fast i bakken og hindra trafikken. Ei eventuell utrykking i retning Knarvik og Meland ville blitt hindra av dette, og er ein av grunnane til at dei no etablerer ein framskutt eining på Flatøy.

LES OGSÅ: Vogntog lagde kaos i Isdalbakken

– Dette er eit utruleg spennande initiativ frå Frank Mohn, og eit prosjekt eg håpar blir vellykka, fortel beredskapsleiar Nils Medaas. Bilen vil vera stasjonert på verksemda på dagtid, drifta av industrivernet.

Med heim

– På kveldstid vil bilen vera med mannskap heim som bur i denne delen, seier Medaas, som fortel at fleire av deira dyktige brannfolk `g jobbar på Frank Mohn.
Bilen er utstyrt med effektivt sløkkeutstyr som kan starta viktig innsats tidleg i påvente av tyngre materiell frå brannstasjonen. Med tanken om bord har ein nok til rundt ti minutt innsats, men med påfylling berre frå ein vanleg hageslange samtidig kan innsatsen utvidast vesentleg.

First responder

I tillegg er bilen utstyrt med såkalla «First responder»-utstyr, mellom anna hjartestartar og alt anna nødvendig førstehjelpsutstyr som kan vera tidleg på plass og gi livsviktig førstehjelp.
– Det er òg ein del utstyr til bruk for frigjering, fortel Medaas.
Bilen er utrusta etter deira eigne spesifikasjonar, og sjølve jobben er det brannkonstabel Ole Vetås frå eigne rekker som har stått for.
Administrerande direktør for Frank Mohn Flatøy er glad for samarbeidet dei har fått i stand.
– Det er ein stor føremon for oss å ha denne bilen tilgjengeleg for oss når den står her, seier han.

– Vinn vinn

– Dei beste avtalane er når alle vinn, det er dette eit godt døme på, seier industrivernleiar Tom Lilleskare.
– Då vi høyrde snakk om ein sånn bil måtte vi vera om oss, seier han.

Artikkeltags