Opnar strilabibliotek

Vil Vite på biblioteket i Knarvik.  Arkivfoto

Vil Vite på biblioteket i Knarvik. Arkivfoto Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Før var møteplassane til strilane på kaia og i krambua. No kan dei verte på biblioteket.

DEL

Torsdag opna eit utvida bibliotektilbod i Nordhordland, med utvida opningstider og attraktive møteplassar. Biblioteket har fått det passande namnet «Strilebiblioteket».

Lindås og Meland bibliotek har i alt fått 1,7 millionar kroner i støtte av Nasjonalbiblioteket og Hordaland fylkesbibliotek til forprosjektet «På veg mot praksisfellesskap» og det treårige prosjektet «Praksisfellesskap: To bibliotek ein struktur».

LES OGSÅ: Kampen for nynorsk i Donald førte fram

Utvida tilbod

Utgangspunktet for prosjektet var å utvikle eit alternativ til hovudbibliotek/filial-struktur ved ein eventuell samanslåing av kommunane. Den nye bibliotekstrukturen skulle fungere like godt om kommunegrensene vart endra eller ikkje.

Målet for prosjektet er å betre kvaliteten på bibliotekstilbodet i Lindås og Meland gjennom å lage to spesialiserte bibliotek som til saman utgjer eit heile og å utvide opningstida ved å opprette meir opne bibliotek. Samstundes skal biblioteka vidareutviklast til å bli uavhengige og attraktive møteplassar for offentleg samtale og debatt.

LES OGSÅ: Jubla for at bokbåten «Epos» får leva vidare: Feira med kake og flagg

Møteplass

– I den første delen av prosjektet fram til opninga har vi prioritert arbeidet med å tilretteleggje lokala og samlingane, i den siste delen vil vi vektleggje samlingsutvikling, personalsamarbeid og vidareføring av biblioteket som gode og mykje brukte møteplassar, med arrangement som stimulerer til vidare samtalar og aktivitet, seier Marit Gro Berge i ei pressemelding frå biblioteket.

LES OGSÅ: Slik skal dei få ungane til å høyra meir nynorsk

Skype-opning

14. april vart den formelle opninga av Strilabiblioteket markert, og opninga markerete ein viktig milestolpe i prosjektet. Opninga gjekk føre seg både på Meland bibliotek, Frekhaug og Lindås bibliotek, Knarvik, der Skype vart nytta til å binde det heile saman. Under opninga vart det mellom anna fanfarer, Vilviteshow i Knarvik og trylleshow i Meland.

LES OGSÅ:  – Kongen var morosam
 

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken