– Vi må fjerna machostempelet

SAMTALEGRUPPE: Brannmann Nils Medaas, sjukepleiar Reidun Hjartholm, politioverbetjent Svein Arne Hatlevik og ambulansearbeidar Jakob Hernar har dei siste ni månadane hatt jamnlege samtalegrupper. 		FOTO: Irene Bratteng Jenssen

SAMTALEGRUPPE: Brannmann Nils Medaas, sjukepleiar Reidun Hjartholm, politioverbetjent Svein Arne Hatlevik og ambulansearbeidar Jakob Hernar har dei siste ni månadane hatt jamnlege samtalegrupper. FOTO: Irene Bratteng Jenssen

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Vi er ikkje robotar, det er menneske med mange kjensler som skjuler seg bak desse uniformene, seier politioverbetjent Svein Arne Hatlevik.

DEL

Hatlevik er ein av tre frå blålysetatane i Nordhordland, som dei siste ni månadane har hatt jamlege samtalegrupper i regi av sjukepleiar Reidun Hjartholm. Hjartholm tar vidareutdanning innan familieterapi, og tok initiativ til samtalegrup- pene.

LES OGSÅ: Står klare til å redda liv i helga

– Vi er sårbare menneske

– Brannmenn, politi og ambulansearbeidarar treffest ofte på same åstad; dei opplever og ser mykje tragisk, og får mange sterke inntrykk. I samtalegruppene har dei fått dela erfaringar om utfordringar dei møter i jobben, fortel Hjartholm.


Brannmann Nils Medaas og ambulansearbeidar Jakob Herner, har saman med Hatlevik fått mykje ut av møta.


– Vi har til saman 100 år med erfaring, og har ein haug med sanselege opplevingar. Det er viktig å forstå at sjølv om vi har den jobben vi har, er vi ikkje robotar. Vi er sårbare menneske, som i alt for liten grad får letta på «trykket», seier Hatlevik.


– Det å kunne snakka og reflektera rundt alt det vi opplever, er viktig. Vi har no fått eit nyttig og godt verktøy vi kan nytta vidare, seier Medaas.

LES OGSÅ: Gjert mista dottera i helikopterstyrt

Førebygga utbrentheit

Dei tre karane meiner det er synd det ikkje finst eit system, som fangar opp og tar seg av tilsette innan politi, brann og ambulanse.


– Sjølv om vi er «tøffe» menn i uniform, kan vi ikkje berre stenga av kjensleregisteret vårt. Vi har behov for å prata om alt vi ser og opplever. Vi må fjerna machostempelet, meiner Hatlevik.


Dei meiner alle i blålyseta- tane hadde hatt godt av å delta i jamlege samtalegrupper, slik dei sjølv har gjort dei siste månadane.


– Det trur eg hadde førebygd utbrentheit i yrka våre, seier Hernar.

LES OGSÅ: «I åtte månader var bilda frå ulykka det siste eg såg då eg lukka auga om kvelden, og det fyrste som slo imot meg då eg vakna»

Høg trapp å bestiga

– Det er ikkje ofte menn set seg ned og pratar om kjensler, men det betyr ikkje at vi ikkje har behov for det. Det er ikkje det at ein ikkje får hjelp dersom ein går til arbeidsgivaren sin og fortel at ein slit, men det er ei høg trapp å bestiga og måtte gå til leiaren sin og seie at ein har behov for nokon å prata med, difor burde det vore automatikk i dette, meiner Hatlevik.

Fast ordning

– Eg kunne tenkt meg at det hadde vore ei ordning med ein terapeut som har faste opp-møte på dei forskjellige stasjonane, og kan tilby samtaler nokre gonger i året. Viss ein terapeut hadde vore innom arbeidsplassen vår jamnleg, hadde det vore lettare for folk å tatt skrittet til ein samtale, spesielt for dei som er litt «redd» for å ta steget sjølv. Å vera med på dette har vore noko nyttig og spennande, som mange fleire hadde trengt, seier Medaas.

 

Artikkeltags