Brannvesenet rykka ut for å redda katt

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Lindås, Meland og Modalen brannog redning rykka fredag føremiddag ut til ei adresse i Meland.

Årsaka er at ein katt sat fast bak ein varmtvannsberedar i eit hus i Galtenesvegen.

Etter vel ein times arbeid klarte brannvesenet å få katten laus og overlevert til eigar, som tek den med til veterinæren for ein sjekk.

Artikkeltags