Har du lagt merke til denne doninga?

Vågen, Tommy

Vågen, Tommy Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

– Det starta som eit politisk prosjekt, no brukar eg den berre til å få merksemd.

DEL

Det seier kunstnar Tommy Vågen.

Den vesle bilen til Tommy Vågen er kreativt dekorert både utvendig og innvendig. Med hytte på Rossland i Meland er han ofte å sjå på vegane i Nordhordland med sin fargerike bil.

Den vart først dekorert for å skapa merksemd rundt partiet «Folkemakten» som stilte liste til førre Stortingsval med Tommy på andreplass på lista i Bergen.

LES OGSÅ: Motorsagmassakre og sterk fargebruk

– Då var den meir stygg. Sidan den gongen har eg gjort mykje med den. No er det meir «For ein kul bil» som er reaksjonane, fortel han.

Tommy fortel at spesielt ungar reagerer positivt på bilen.

Tommy Vågen.

Tommy Vågen. Foto:

– Parkerer eg ved ein skule får eg alltid masse merksemd, dei synest det er ein artig bil. Ein gong var det nokon som hadde skrive «Kul bil!» på gata framfor bilen, fortel han.

LES OGSÅ: Terje klistra diger, drypande nase på bilen

Multikunstnaren har alltid mange prosjekt på gong. Du har kanskje høyrd om hans prosjekt med kunstmåling under vann, eller bilen som kan brukast som basseng, og som må køyrast med dykkerutstyr?

For tida jobbar han med å innreda ein privat pub i Nordhordland i engelsk stil.

LES OGSÅ: – Ei sann glede

Han har også gitt ut fleire bøker, den siste er barneboka «Tools» om skiftenøkkelen Shifty og leddnøkkelen Zoe som kom ut for nokre år sidan. No jobbar han med nytt bokprosjekt.

– Det blir ein spaningsbok frå verkelegheita, fortel Tommy, men akkurat korleis boka vert er ikkje klart endå.

– Eg har opplevd mykje, og høyrd mange historiar, så må eg bestemma kva eg skal ta med og ikkje, seier den fargerike kunstnaren.

Artikkeltags