Rørte Ingeborg til tårer

RØRT: Lars Martin Myhre fekk Ingeborg og mange andre til å både le og grina då han hadde konsert på eldresenteret i Meland måndag. Ingeborg Myrtveit fekk takka visesongaren personleg for den flotte opplevinga etter konserten.

RØRT: Lars Martin Myhre fekk Ingeborg og mange andre til å både le og grina då han hadde konsert på eldresenteret i Meland måndag. Ingeborg Myrtveit fekk takka visesongaren personleg for den flotte opplevinga etter konserten.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

«Melodiens meister» fekk fram både lått og tårer hjå Ingeborg Myrtveit då han vitja eldresenteret.

DEL

ANNONSE: Få 50 prosent rabatt på Avisa Nordhordland ut året.

– Heilt fantastisk konsert, han var så naturleg i det han framførte og fortalde så ekte historier at eg vart rørt til tårer seier Ingeborg. Ho snakkar om Lars Martin Myhre, også kalla «melodiens meister».

Måndag hadde han to konsertar i Meland, ein på eldresenteret og ein på biblioteket. Om ikkje alle kjende til låtane han framførte blei det ei fin stund, og folk blei gripen av både historiene mellom og songane som Myhre framførte med stor formidlingsevne og med varme.

– Eg må medgje at eg ikkje kjende så godt til han på førehand, men eg er glad eg fekk med meg denne konserten, seier Ingeborg, som takka Myhre personleg etter konserten.

LES OGSÅ: Deler interesse med bestemor

Musikk om livet

Myhre er kjend som produsent, musikar og komponist og har mellom anna samarbeidd med Odd Børretzen og Halvdan Sivertsen. Han har eit stort skattkammer der han hentar fram songar frå ei lang karriere.

– Kva tenker du på når du skal vella ut songar for publikum på eit eldresenter?

– Eg tenker i grunnen ikkje annleis enn når eg skal halda konsert for andre. Mange tenker at alle vert så like når dei vert gamle, og at alle eldre liker det same. Men det stemmer ikkje. Eldre har jo også ulik musikksmak. Mick Jagger i Rolling Stones er til dømes oldefar, seier Myhre med glimt i augo.

Han fortel at han gjerne vel musikk som handlar om livet. Det trefte mange av dei vel 50 som fekk med seg konserten på eldresenteret.

Artikkeltags