Silje Marie Erstad (26) og kjærasten Evgeni Antonsen (28) flytta inn i det eldre huset på Rossland for rundt to år sidan. Her bur dei saman med jenta si, Katarina Othelie (2), katten Mathilda og hunden Elvis.
LES OGSÅ: undefined
Oppussing
Sidan dei flytta inn har det blitt mange prosjekt.
– Vi held på å renovera kjellaren, der soveromma skal vera. I mellomtida bur vi i stova, fortel Silje Marie. Bak den nye sofaen står ei stor seng, og babysenga har ho pakka vekk for dagen, for å laga ekstra golvplass.
LES OGSÅ: undefined
Draumehuset
Paret leita lenge før dei fann draumehuset sitt.
– Vi ville bu på ein roleg plass med stor hage, slik at Katarina kan få ein landleg oppvekst, fortel Silje Marie. Og ho visste godt kva type hus ho såg etter.
– Eit nytt hus er ikkje noko for oss. Eg er oppteken av gamle ting, og held på å plukka fram historia som dette huset ber med seg, seier ho, og fortel at planen er å fjerna parketten, så det gamle tregolvet som enno ligg under, kan koma til sin rett.
LES OGSÅ: undefined
Bloggen
– Eg har alltid likt å pussa opp, måla og gjera ting på min eigen måte, fortel Silje Marie. Etter kvart starta ho ein blogg, slik at venner og familie kunne følgja med på kva ho heldt på med på fritida. Men det har blitt fleire lesarar enn først forventa.
– Eg får mange kommentarar på bloggen min, det er veldig kjekt, seier ho.
Silje Marie er for tida gjestebloggar hos Svenske Interiørblogger (sib) og i romjula hadde ho eit gjesteinnlegg i VG.
– Det er kjekt at folk set pris på det eg gjer. På bloggen prøver eg å visa fram det eg driv med innan oppussing på ein enkel måte, seier ho.
– Eg har som oftast eit prosjekt på gang. No er våren her, og det er tid for hagearbeid, seier Silje Marie som står bak bloggen Othelies Hjem.