Politiet fann 45 edru bilistar i Nordhordland

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

I morgontimane søndag hadde politiet to promillekontrollar i Nordhordland, høvesvis på Nordhordlandsbrua og i Knarvik.

Frå klokka 0415-0515 stod politiet i Knarvik.

– Tolv bilar vart kontrollerte, men ingen vart tatt for promillekøyring, seier operasjonsleiar Morten Kronen ved Vest politidistrikt til avisa Nordhordland.

Tre timar etter den fyrste promillekontrollen rigga dei seg til på nytt, denne gongen på Nordhordlandsbrua. Også der stod dei i ein time.

– 33 bilførarar vart kontrollerte, men det var ingen overtredelsar. Men ein bil vart avskilta, uvisst av for kva grunn, seier Kronen.

Elles har det vore ei særs roleg natt i Nordhordland.

Torsdag kveld var politiet ute med laseren sin i Ådlandsvegen i Meland. Der fekk to bilførarar forenkla forelegg, høgaste hastigheit vart målt til 6q km/t i 50-sona.

Artikkeltags