– Det må vera bra. Dei siste åra har me ikkje fått noko, seier Meland-ordførar Øyvind Oddekalv til avisa Nordhordland.

Det var like før sommaren at Hordaland fylkeskommune handsama søknadane som er kome inn om støtte til breibandutbygging. Der vart det klart at Meland var eit av tre område dei vil prioritera. Av dei 8,3 millionane som fylket har til disposisjon, vil dei løyva 4,1 millionar kroner til Meland.

Meland har søkt om pengar til breibandutbygging i områda Landsvik-Skjelanger, Ådland, Io, Håtuft-Espetveit, Fosse, Eikeland, Erstad-Meland-Bjørnestad og Dalstø.

Pengane skal gå til breibandutbygging i område som ikkje er kommersielt lønsame å byggja ut. Tilskotet Meland kommune ligg an til å få er mindre enn søknadssummen, og det vil vere usikkert om alle områda kan byggjast ut i denne omgang. Totalt har Nkom, som sit på pengesekken, 149,7 millionar kroner å dela ut.

– Ein kjem langt med fire millionar kroner, seier Oddekalv. Han peikar på at Meland kommune og vil gå inn med rundt to millionar kroner i denne utbygginga.

Oddekalv seier at å få utbygd breiband er svært viktig.

– Det er som straum var på 1950-talet. Det er viktig for å sikra busetjing og rekruttering, seier han og meiner det er noko folk forventar å ha i husa sine i dag.

– Det vert vanskeleg for ein familie med ungdommar i huset å ikkje ha det, seier han.

No er Hordaland fylkeskommune sine prioriteringar hjå Nkom for ei vurdering og endeleg tildeling vert gjort innan kort tid.

Lindås kommune har og søkt om pengar, men har førebels ikkje fått noko. Men dersom det vert aktuelt med ny tildelingsrunde av unytta midlar hausten 2018, ønskjer Hordaland fylkeskommune at Lindås kommune skal vera ein av tre kommunar som får pengar til prosjektet Breiband i Lindås 2016.

Dei siste åra har kommunar i Nordhordland forsynt seg godt frå potten då det har vorte delt ut Nkom-midlar. I 2017 fekk Masfjorden seks millionar kroner, året før fekk Lindås 6,8 millionar kroner. Masfjorden og Austrheim fekk høvesvis 3,5 og 8 millionar kroner i 2015 og i 2014 fekk Meland 3,1 millionar kroner.