Når det kjem fleire historier der kommunen blir kritisert for å svikte så alvorleg, er det kanskje på tide at Fylkesmannen kjem på bana

Grunna plassmangel på Meland sjukeheim, har kommunen måtte la ferdigbehandla pasientar bli liggande lenger på sjukehus. Kommunen betalar då ein døgnpris, som per dags dato er 4622 kroner. Hittil i 2017 har kommunen betalt for 54 døgn.

Grunna plassmangel på Meland sjukeheim, har kommunen måtte la ferdigbehandla pasientar bli liggande lenger på sjukehus. Kommunen betalar då ein døgnpris, som per dags dato er 4622 kroner. Hittil i 2017 har kommunen betalt for 54 døgn. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Vi har tidlegare skrive saker om problema i helse- og omsorgssektoren i Meland kommune. Dette gjeld på fleire nivå og rådmannen har vore ute i avisa og stadfesta at kommunen ikkje leverer det den er forplikta til.

DEL

LeiarPå nordhordland.no i går og i laurdagens papiravis fortel vi om korleis Mari Espetvedt opplever det å vere pårørande til sin svært pleietrengande far i Meland kommune.

Faren er 91 år og blei i april akuttinnlagt på Haukeland universitetssjukehus etter eit fall i omsorgsbustaden sin. Han hadde brot i bekkenet og indre blødingar. Skadane, kombinert med alder og undervekt, gjorde at han svevde mellom liv og død, ifølge dottera.

Etter intensiv behandling på Haukeland vart han skriven ut i slutten av månaden. Dottera forventa då at kommunen ville tilby plass på sjukeheim, men det er ikkje Meland kommune i stand, blant anna grunna plassmangel.

I staden bar det tilbake til omsorgsbustaden. Sjølv om han får ekstra tilsyn der av heimetenesta som gjer så godt dei klarer, er den gamle og pleietrengande mannen store delar av døgnet overlaten til seg sjølv.

Dette opplevast som sjokkerande og uverdig for dei nærmaste. Dottera, som bur på Austlandet, er så uroa at ho fryktar faren skal døy åleine på omsorgsbustaden sin.

Meland kommune meiner på si side at tilbodet er forsvarleg utan at dei kan kommentere saka detaljert grunna teieplikta.

Det er uansett eit faktum at kommunen har problem innan helse og omsorg. Kommunen har for få sjukeheimsplassar og har sett seg nøydde både til å betale for at pasientar dei skulle hatt ansvaret for blir liggande lenger på sjukehus, og kommunen må kjøpe sjukeheimsplassar i andre Nordhordland-kommunar.

Vi kan sjølvsagt ikkje slå fast at tilstanden til eit familiemedlem av ei kjelde som stiller opp i avisa er så kritisk at vedkommande bør på sjukeheim, men det er all grunn til å vere kritisk til tilbodet når vi høyrer slike historier.

Vi har tidlegare skrive saker om problema i helse- og omsorgssektoren i Meland kommune. Dette gjeld på fleire nivå og rådmannen har vore ute i avisa og stadfesta at kommunen ikkje leverer det den er forplikta til.

No når det byrjar å komme fleire enkelthistorier der kommunen blir kritisert for å svikte så alvorleg, er det kanskje på tide at Fylkesmannen kjem på bana og utfører tilsyn med helse- og omsorgstenesta.

Det er all grunn til å vere kritisk til helsetilbodet når vi høyrer slike historier.

Artikkeltags