– Ho får gull av oss!

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Eg har to bronsemedaljar frå før av, men dette er den beste eg har fått!

DEL

Det seier ei jublande glad Marie Davidsen til avisa Nordhordland.

På laurdag fekk ho og resten av Tertnes-jentene sine bronsemedaljar i toppserien i handball.

– Ingen hadde trua på oss i byrjinga av sesongen, me mista mange gode spelarar, me er unge og få. Og så går me hen og vinn bronsen
som ingen hadde trudd, jublar ho vidare.

Laget hadde sjølv heile tida ein ambisjon om at dei skulle ta bronse.

Heiagjeng

– Men det heldt me for oss sjølv, smiler ho.

Ingenting stod på spel før kampen. Som vanleg hadde Larvik sikra seg seriegullet lang tid i førevegen, og takk vere flaks med resultata tidlegare i veka, var bronsen sikra for Tertnes. Davidsen hadde fått med seg ein diger heiagjeng, beståande av foreldre, mormor, søskenbarn og venninner.

– Me er så kjempestolte av ho, jublar venninnene.

– Ho er så god, ho får gull av oss, seier dei og gjer ho sjokoladegullmedaljar.

Pappa Svein Davidsen er i Haukelandshallen kvar gong det er kamp og ser dottera stå i mål. Det er ein stolt og rørt pappa som såg dottera få bronsemedaljen sin.

– Det er så kjempegøy å sjå ho spela, seier han medan han tørkar ei tåre vekk frå augnekroken.

Denne sesongen har jenta frå Landsvik vore fast keeper på Tertnes, etter at Sakura Hauge forsvann til Kristiansand. Davidsen er godt nøgd med sin fyrste sesong som fast førstekeeper.

– Det triggar meg

– Det har vore veldig kjekt. Eg er nøgd med det eg har gjort, seier ho.

– Korleis var det å plutseleg vera førstekeeper?

– Det er gøy. Eg elskar å få slikt ansvar, det triggar meg enno meir, seier ho.

Men laurdagens kamp mot Larvik, der Tertnes tapte 24–31 var ho ikkje lika godt nøgd med.

– I dag var eg dårleg, seier jenta som til dagen studerer økonomi og administrasjon på tredje året ved NHH, ærleg.

I løpet av sesongen tykker ho at ho har vorte betre på det meste, men ho ser at ho framleis har mykje å gå på.

– Eg må komma opp på eit nytt nivå, og verta enno meir stabil, seier ho.

Trenar Tore Johannessen er og klar på at ho framleis har mykje å lære.

– Ho kan verta betre på alt. Det fysiske, teknikk og taktikk på rørsler i målet, i forhold til forsvaret og angrepet, ramsar han opp.

Men han understrekar at han er nøgd med jobben ho har gjort for bronsejentene.

– Ho har gjort det me håpte

– Ho har gjort ein veldig bra sesong for oss. Og det er bra at ho har veldig masse å forbetra. Det ville vore synd om ho var ferdig utvikla no, seier han.

Johannessen seier at Davidsen byrja å ta steg mot å verta ein eliteseriekeeper på slutten av 2013/2014-sesongen.

– Men i år har ho gjort det me håpte og litt trudde ho skulle klara, seier han.

Han dreg fram at ho har det mentale med seg og at ho er ein tøff type.

– Det er langt mellom dei som hatar å tapa så masse som ho gjer, seier han.

– Kvidde du deg for å gå til sesongstart med ho som førsteval?


– Nei, det gjorde eg ikkje. Det einaste var at me berre hadde ein keeper ei stund, peikar han på.

– Suveren

– Men me var trygge på at Marie kom til å prestera. Ho var heilt suveren for oss i fyrste divisjon, peikar han på.

Han er alt byrja jobben med å leita etter forsterkingar for laget til neste sesong.

– Leitar du på keeperplassen?

– Eg vil ikkje seia noko om kva posisjonar me ser i. Men det handlar om den totale samansettinga i gruppa og, seier han.

Men fyrst er det sluttspel. Der er Tertnes klar for kvartfinale. Kven motstandaren i slutten av april vert, er ikkje klart enno.

– Det vert kjekt å sjå om me kjem langt, seier Davidsen.

– Det handlar berre om å ikkje møta Larvik, innser ho.

Johannsessen er litt meir offensiv.

– Me går på banen for å vinna kvar gong, så får me sjå kor langt det rekk, sluttar han.

Artikkeltags