I lokalavisene utdjupar ei rekkje underskrivarar kvifor det er behov for ei kvardagskyrkje på Frekhaug. Gode argument for mange typar forsamlingslokale og aktivitetar vert lista opp, alle skal få rom, det skal vera låg terskel.

Men er det ikkje eigentleg eit kulturhus som vert skildra? Kvifor kan ein ikkje kalla det for det når det på alle vis har kulturhuset sine kjenneteikn? Kvifor er det då så umåteleg viktig å kalla det ei kyrkje? Slik ordninga med eit kyrkjebygg fungerer etter Kyrkjelova, er det kommunen som finansierer bygget. Når det er ferdig, vert det vigsla med tilhøyrande ord og fakter, og deretter er det Kyrkjeleg fellesråd og soknerådet som rår over bygget. Men det er framleis kommunen som finansierer drifta. Kan det vera så enkelt at det i den opne, norske Folkekyrkja er viktig å kunna bestemma over kven som kan bruka bygget? Det vil i så fall vera i ein tusenårig tradisjon, heilt i tråd med den delen av den kristne kulturarven som me ikkje snakkar så mykje om, - kyrkja si direkte og indirekte makt.

Les også

Har politikerne i Meland fullstendig mistet hodet?

I 2011 vart ungdommar skotne på Utøya. Nokre av dei kom frå Hordaland. Det var mange familiar som ikkje ville ha religiøse gravferder. Det vart eit spørsmål om høvelege lokale. Det var behov for rom i herberget, for mange ville følgja dei unge til grava. Kyrkja har rom mange stader og vart spurd. Lokale prestar sa somme stader ja til å låna ut kyrkja si til ein sekulær seremoni. Også på strilelandet. Biskopen i Bjørgvin overprøvde og sa nei. Fleire gravferder etter Utøya-massakren vart til slutt kyrkjelege med tilhøyrande liturgi.

Les også

Difor treng vi ei ny kyrkje på Frekhaug

Alt det du vil at andre skal gjera mot deg..... Men det er som kjent makta som rår, og då bøyer ein gjerne nakken. Jacob Sande seier det slik i diktet Eg kryp:

Eg bukkar og skrapar for klokkar og prest
som preikar so vent på stolen,
og krøkjer so ryggbeinet knakar og knest,
for bispen med kors på kjolen.

Kan henda er det på tide at Meland kommune finn ut kva folk vil ha og har bruk for? Eit bygg med kyrkja sine klausular, eller eit bygg med rom for alle, kyrkja inkludert? Kan det vera slik at majoriteten er taus medan mindretalet mobiliserer og tek store selfiar?

Knarvikfolk vart aldri spurde om dei ville ha det eine eller det andre, eller eit kombinasjonsbygg. Til slutt kom kyrkja som eit resultat av ein politisk hestehandel. Eit flott og tenleg bygg, seiest det, men det kunne ha vore så mykje meir for så mange om ein hadde bygd kulturhus.

ein gjera det same i Meland? Eit vedtak gjeld som kjent til dess ein har gjort eit nytt.

Med beste helsing Harry Lunde

Les også

Difor treng vi nytt kyrkjebygg i Meland