Serlina
Sunniva Myklebust-Hansen

Serlina brukar songane som ei dagbok

– Eg opplever mykje press, og eg trur ikkje eg er den einaste.
Publisert
DEL

Dersom Serlina vart stranda på ei aude øy ville ho tatt med seg vassrensefilter, fiskestong og nokon å snakke med. Ho ville kalla debutalbumet sitt for «Tusen Ting». Forbilda hennar er Bruno Mars og Demi Lovato og ho delar lidenskapen sin for song med fleire i familien.

Serlina Wiig Sulebakk (18), som starta å synga allereie som seksåring, fortel om då ho pleidde å vere borte hos onkel Harald for å synge og danse. Ho har vakse opp i ein familie som elskar å synga. I fjor haust deltok ho på musikktalent-konkurransen The Stream, og har nettopp sleppt den nye låten Puste Under Vann.

– Låten handlar om «generasjon prestasjon». Eg som ungdom i dag opplever mykje stress frå alle kantar, og eg trur ikkje eg er den einaste. Med skule her, vener der og alt anna blir det fort mykje.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

I refrenget syng ho blant anna «hjartet mitt vil si eg finner ikkje fram på land, men kem kan puste under vann».

– Det eg meiner med refrenget er at av og til går ein gjennom vanskelege ting, men at det alltid er lys i enden av tunnelen. Sjølv om det kan vere vanskeleg å «finne fram» på land, så har vi ikkje nokon anna moglegheit.

Serlina har lyst å satse internasjonalt ein gong, men foreløpig trivst ho best med å synga på dialekt.

– Eg synest norske songar blir meir personlege. Ein tenker gjerne meir over teksten, og får eit litt nærmare forhold til songen. Eg brukar songane mine som ei dagbok, kor eg kan skrive ned alle tankane og kjenslene mine.

Eg som ungdom i dag opplever mykje stress frå alle kantar, og eg trur ikkje eg er den einaste. Med skule her, vener der og alt anna blir det fort mykje.

Serlina har alltid vore sta, og det er lenge sidan ho bestemte seg for at det var musikk ho ville drive med, men det er berre kring eit år sidan at ho satsa ordentleg. Likevel har ho hatt sine tvil.

– I 10. klasse bestemte eg at det var dans eg ville satse på. Eg elskar å danse, men det er utruleg krevjande. Ekstremt mykje øving, og du må meistre alle sjangrar. Deriblant ballett, som eg ikkje likar så veldig godt.

Serlina har avtalar med skulen, slik at ho kan kombinere skulegangen med karrieren.

Serlina har avtalar med skulen, slik at ho kan kombinere skulegangen med karrieren. Foto:

Til slutt fann ut at ho heller skulle søke musikklinja på Bergen Private Gymnas for å ta vg1 om att.

– Eg angrar ikkje. BPG er ein fin skule og eg trivst veldig godt der. Dei er òg veldig flinke til å legge til rette for songkarrieren min, og dei hjelper med å få ein fin balanse mellom karrieren og skulen. Livet mitt er jo ganske hektisk, med mykje reising og arbeid er det viktig at eg har avtalar med skulen.

I slutten av januar i år signerte ho med eit av verdas største plateselskap: Universal Music. Der dannar ho seg eit bredt nettverk, noko ho håpar kan hjelpe ho litt betre på veg.

Gjennombrotet fekk ho i fjor haust då ho deltok på The Stream.

– Det var sjukt gøy å vere med på The Stream! Det var ei herleg erfaring, og eg har lært veldig mykje. Dessutan har eg fått mange nye vener og eg synest folka frå TV 2 er supre å samarbeide med. Dei er så flinke til å passe på at alt er bra, og berre veldig hyggelege folk!

Under deltakinga på programmet skreiv Serlina ein låt saman med duoen frå Trondheim, Skei & PT. Låten Målløs gav Serlina gullplate og er strøyma nesten fire millionar gonger på Spotify.

– Etter å ha jobba intensivt i x tal timar med noko, så begynner du til slutt å tvile på om det er bra nok. Du begynner å tvile på om du eigentleg har gjort ein bra jobb.

Oppgåvene var nemleg å skrive ein song på berre 24 timar. Sjølv opplevde ho det som ei positiv oppleving å jobbe med Skei & PT i arbeidet med å skrive songen Målløs. Songen har slått godt igjennom og Serlina er sjølv svært nøgd med responsen. Gullplata ho fekk for songen har ho hengande på veggen i stova.

Etter å ha jobba intensivt i x tal timar med noko, så begynner du til slutt å tvile på om det er bra nok. Du begynner å tvile på om du eigentleg har gjort ein bra jobb.

– Eg var ikkje heilt sikker på korleis det skulle gå. Trønderar og bergensarar går kanskje ikkje best saman, ler ho, og held fram med at dei ikkje hadde så stor tru på at songen ville slå an. Gjennom både familien, The Stream og Universal får ho mange nye kontaktar, blant anna har ho jobba med Erik og Kriss. Om samarbeidet med den kjente rap-duoen fortel ho at ho vart «veslesøster» i forholdet.

– Eg kunne ikkje ha vorte tatt betre i mot av dei. Eg glei rett inn og vart ein del av gjengen. Sjølv om eg var nervøs på førehand, så var det eit veldig kjekt samarbeid og noko eg tar med meg vidare som eit godt minne.

Med sin gryande stjernestatus opplever Serlina av og til at folk kjem bort for å helse på ho. Dette er noko av det ho likar aller best. Då vi snakka med ho, fortalde ho om ein gong ho hadde vore på ferie, og så hadde ho vorte kjent igjen på flyplassen.

Eg har faktisk lurt på om eg hadde komme inn på politiskulen, men eg klarar ikkje ta ein pull-up ein gong så eg tvilar

– Det var eigentleg ganske kleint. Det stod eit par stykk litt unna meg. Eg kunne høyre at dei kviskra om meg, men dei kom ikkje bort for å helse på. Sjølv om det sjølvsagt er litt gøy at dei veit kven eg er, syns er det er mykje hyggelegare dersom dei faktisk kjem bort.

Serlina fortel at ho er ei heilt vanleg jente, som likar å drikke kaffi, sjå på Teen Wolf og ete hamburgar med pommes frites til middag.

Serlina fortel at ho er ei heilt vanleg jente, som likar å drikke kaffi, sjå på Teen Wolf og ete hamburgar med pommes frites til middag. Foto:

For trass i sin aukande status som «Up and coming», fortel Serlina at ho berre er ei heilt vanleg jente som likar å drikke kaffi, sjå på Teen Wolf og ete hamburgar med pommes frites til middag.

– Dersom du ikkje hadde satsa på musikk, kva yrke kunne du tenkt deg å jobbe i?

– Eg syns anten ungdomsarbeidar eller politi høyrest veldig spennande ut! Eg har faktisk lurt på om eg hadde komme inn på politiskulen, men eg klarar ikkje ta ein pull-up ein gong så eg tvilar, ler Serlina.

Artikkeltags