Zarife Kashtanjeva lever med utvisningvedtak over seg. Saka om mora som må forlata mann og to små barn har opprørt mange, både innanfor og utanfor Nordhordland sine grenser. Laurdag kan du vera med og visa henne og familien di støtte.

Randi Moen i støttegruppa opplyser at fakkeltoget startar ved Meland Rådhus laurdag klokka 16.

Ventar mange

- Alle som har lyst til å vera med, er hjarteleg velkomne, seier Randi Moen. Også eit breidt mediakorps er venta til Frekhaug.

Dette er det andre fakkeltoget støttegruppa arrangerer for Zarife. I oktober 2009 møtte 150 personar opp for å visa varme og støtte til den kosovoalbanske kvinna som sommaren same året fekk meldinga om utvisning.

Saka har vore i tingretten, der Zarife vann og i lagmannsretten der UNE vann gjennom med anken sin. Denne veka leverte Zarife sin advokat, Halvard Helle, anken til høgsterett.