Opna hurtigladestasjonen på Frekhaug

OFFISIELL OPNING:Hurtigladestasjonen på Frekhaug vart opna av Odd Olaf Askeland i BKK, fungerande fylkesordførar Pål Kårbø og ordførar Øyvind Oddekalv i Meland kommune.

OFFISIELL OPNING:Hurtigladestasjonen på Frekhaug vart opna av Odd Olaf Askeland i BKK, fungerande fylkesordførar Pål Kårbø og ordførar Øyvind Oddekalv i Meland kommune. Foto:

To menn med glitrande smykke opna denne veka den nye hurtigladestasjonen på Frekhaug.

DEL

Det var nemleg fungerande fylkesordførar Pål Kårbø (KrF) og Meland-ordførar Øyvind Oddekalv (Ap) som stod for opninga denne veka.

– Det er veldig bra at Meland no får på plass eit hurtigladepunkt. Noko av suksesskriteriet for vidare vekst i tal elbilar er at bruken av elbil er så lett som mogleg. Då må og infrastrukturen vere på plass, seier fungerande fylkesordførar Pål Kårbø til Hordaland fylkeskommune sine nettsider.

LES OGSÅ: – Eit veldig bra tiltak

Hurtigladestasjonen har vore i bruk i nokre månader, men er først nyleg heilt ferdigstilt med overbygg. BKK driftar og eig hurtigladestasjonen, mens Hordaland fylkeskommune og Meland kommune har stått for mesteparten av finansieringa.

I Nordhordland hadde alt Knarvik, Romarheim og Mongstad hurtigladarar, no var altså turen komen til Frekhaug.

I løpet av sommaren skal også Radøy få hurtigladestasjon.

Artikkeltags