Bokmåls-elevar må til Sagstad

GIR IKKJE OPP: Vi reagerer på den mangelfulle saksbehandlinga. Bokmåls-foreldra blir ikkje høyrt, men vi gir ikkje opp, seier FAU-leiar Anita Høgquist ved Vestbygd skule.

GIR IKKJE OPP: Vi reagerer på den mangelfulle saksbehandlinga. Bokmåls-foreldra blir ikkje høyrt, men vi gir ikkje opp, seier FAU-leiar Anita Høgquist ved Vestbygd skule.

Artikkelen er over 9 år gammel

Men foreldra går vidare med saka.

DEL

Kommunestyret opnar ikkje for bokmålsklasse på Vestbygd skule på første årssteget komande haust. Foreldra går vidare med saka.

- Vi kjem til å klaga vedtaket inn for fylkesmannen, og jobbar med å få nokre politikarar til å senda inn krav om lovlegkontroll, seier FAU-leiar Anita Høgquist.

Om det blir nødvendig utelukkar Vestbygd-foreldra ikkje å vurdera rettsleg etterspell. FAU har alt vore i kontakt med advokat som har vurdert dei juridiske sidene ved eit slikt vedtak.

- Møter lita forståing

Bokmåls-foreldra er svært skuffa over saksbehandlinga som er gjort i denne saka.

- Vi føler at kommunen ikkje ein gong vil diskutera saka med oss. Vi er open for drøfta ulike løysingar, men verken administrasjonen eller politikarane ville lytta til oss, konstaterer FAU-leiaren.

Lovfesta

I eit notat påpeikar advokat Sverre Kvilhaug at kommunen si saksutgreiing er svært lite grunngitt, utfrå at kommunen tar i frå elevane ein lovfesta rett til bokmålsundervisning.

- Samtidig er lova ikkje til hinder for at elevar med ulike hovudmål kan få opplæring ilag i dei fleste fag utanom norsktimane, uttalar advokat Kvilhaug.

Både dette notatet og ei rekkje andre innspel har Vestbygd-foreldra oversendt til politikarane.

- Typisk nok for denne prosessen har vi berre fått tilbakemelding frå to av 27. Dei hadde tydeleg bestemt seg, seier Anita Høgquist.

- Skulen sprengt

Foreldra til over halvparten av dei 25-26 førsteklassingane på Vestbygd til hausten vil ha bokmåls-opplæring for ungane sine.

I dag er det nynorsk- og bokmålsklassar på dei fire første årsstega på Vestbygd skule.

Men frå komande haust har kommunestyret sagt nei til klassedeling. Kommunen legg avgjerande vekt på at det ikkje er plass til ei todeling av første årssteget til hausten.

Dei folkevalde har av økonomiske grunnar skrinlagt ei planlagt utbygging.

- Men med ei betydeleg utbygging i området vil ei utbygging av skulen tvinga seg fram ganske raskt, seier Anita Høgquist.

Artikkeltags