Bjørn med blod på tann

Bjørn Rossland klar til ny dyst i Det store korslaget på TV2 i morgon kveld.

Bjørn Rossland klar til ny dyst i Det store korslaget på TV2 i morgon kveld.

Artikkelen er over 9 år gammel

Klar for neste runde i Det store korslaget.

DEL

Bjørn Rossland og Team Toschie har fått blod på tann og er klar for neste runde i Det store korslaget på TV2 lørdag kveld.

- Vi er gjennom første nålauga, og er veldig innstilt på å koma lenger. Vi håpar på rekordstor oppslutning både frå bymann og stril lørdag kveld, seier smørtenoren frå Furuskjegget i Meland.

Bjørn Rossland er ein av dei 20 som gjennom prøvesynging har fått plass i bergenskoret, som konkurrerer med sju kor frå ulike andre delar av landet. Alle med kjende artistar som dirigentar.

Bratt læringskurve

Rossland fortel om mykje moro, men også om ein bratt læringskurve som medlem i Team Toschie for ein kar som ikkje har G-nøklar og notar som sitt sterkaste kort.

- Vi er 20 forskjellige menneske, men eg har aldri vore med i ein samanheng der ein er så ekstremt fokusert på jobben som skal gjerast. Dessutan er det fascinerande å oppleva TV- og produksjonsfolka i arbeid, seier Bjørn, som flirer litt av at han før første sending vart nysminka for første gong i livet.

God stemning

Han framhevar også den gode stemninga mellom deltakar-kora.

- Naturleg nok begynnar vi etter kvart å kjenna på konkurranse-elementet, men samtidig er det svært oppløftande å få trampeklapp frå dei andre kora som sit i ”greenroom” medan vi er i aksjon.

Bjørn håpar mange frå Nordhordland er med på å stemma Team Toschie fram til neste runde, i duell med kora til Jørn Hoel, ”Elg” frå Dance with av Stranger og Hanne Krogh, for å nemna nokon.

Gode tilbakemeldingar

- Det er jo kjempeartig å tenkja på at over ein halv million TV-sjåarar sit og følgjer oss. Utruleg kjekt også med dei mange tilbakemeldingane eg har fått frå lokale folk som har sett programmet, seier Bjørn Rossland, vårt lokale alibi i det store korslaget.

Bjørn har lagt ut eit par videoar på Tuben, og dei finn du her

Artikkeltags