Trass i venteliste får Drømmehagen barnehage truleg avslag på å utvida med 30 fleire barnehageplassar: – Vi er avhengig av utviding for å drifte garden

– Det er utruleg trist viss vi vert nøydd til å stenge av området i Mjåtveitstø for turgåarar eller må selje garden og området rundt. Men går det to-tre år utan at kommunen opnar opp for at vi får fleire barnehageplassar, kan vi ikkje lenger forsvare drifta og må gjere tiltak.