Nathalie vann logokonkurranse i Meland kommune

Nathalie Sunde vann logokonkurranse i Meland kommune.

Nathalie Sunde vann logokonkurranse i Meland kommune. Foto:

Av

Som premie vart klassen hennar tildelt 1000 kroner til sosiale føremål.

DEL

Nathalie Sunde er vinnar av logokonkurransen som vart arrangert i forbindelse med prosjektet «trygt og godt oppvekst- og skulemiljø» i Meland kommune.

Alle skulane og barnehagane i kommunen blei invitert med i konkurransen som skulle kåre den mest passande logoen til det overordna temaet. Hovudmåla for prosjektet er å sikre barn og unge eit trygt og godt oppvekst- og skulemiljø og sikre nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

Prosjektgruppa i kommunen, i samarbeid med Ungdomsrådet, valde Nathalie si teikning som logo. Logoen er allereie i bruk og vi trur den vil bli synleg både i barnehagane, skulane og på fritida i Meland kommune.

Kanskje vil den og leve vidare inn i Alver kommune.

Artikkeltags