Aadland held fram som Meland-ordførar

Artikkelen er over 7 år gammel

Høgre, FrP, KrF og Venstre samla seg tirsdag kveld om Nils Marton Aadland (H) som ordførar i neste fire års periode.

DEL

Etter eit svært godt valresultat for Høgre var Nils Marton Aadland favoritt til fire nye år i ordførarjobben. Lars Barstad frå Venstre blir ny varaordførar.

Det valtekniske samarbeidet mellom Høgre, KrF, FrP og Venstre medfører at alle partia blir representert i formannskapet.

KrF får leiaren i Utval for levekår, medan FrP skal ha leiaren i Utval for drift og utvikling, og får også vervet som setjeordførar og steppar inn dersom ordførar og varaordførar ikkje kan leia eit kommunestyremøte.

Dei fire samarbeidspartia skal også utarbeida ei felles politisk plattform for arbeidet i neste fire års periode.

Tirsdag kveld var representantar for alle partia samla til forhandlingar, som altså munna ut i ein samarbeidsavtale mellom Høgre, FrP, KrF og Venstre.

Artikkeltags