Gå til sidens hovedinnhold

Søndag blir den nye soknepresten i Meland innsett

Artikkelen er over 2 år gammel

Førstkommande søndag blir den nye soknepresten i Meland innsett.

I april det vart gjort klart at Bjørn Tore Sæle sluttar som sokneprest i Eidfjord og Kinsarvik der han hadde jobba sidan 2007, for å tiltre tilsvarande stilling i Meland.

Sidan 1996 har han vore prest i Hardanger, i tillegg til at han i dei seks åra før var skuleungdomsprest i NKSS i Hordaland og Sogn og Fjordane, medan han sjølv er oppvaksen i Åsen. No skal han bu med kona Elise Lindtner Sæle i deira nye hus på Tveit i Meland kommune.

– Vi har hatt gode år og trivst i Hardanger. Men vi har mykje familie og to av sønene våre i Bergen, og ønsker å trekka nærmare dei og der vi kjem frå, uttala han til Hardanger Folkeblad i april.

Les også

Den nye presten i Meland: – Det er ikkje med lett hjarte eg forlèt Hardanger

 

Innsetjingsgudsteneste vert i Meland kyrkje komande søndag 24.06 på formiddagen, der avtroppande prost Geir Sørebø deltek. Lise Herland blir med på obo og Sondre Blom på trompet. Det vert kyrkjekaffi i kyrkja etter gudstenesta, melder kyrkjekontoret.

Frå og med 1. august vil Sæle vera i vanleg arbeid på kyrkjekontoret.

Kommentarer til denne saken