For at naturen vår skal ha ein sjanse må vi også sikre klima

– Vi er blitt eit foregangsland på å utnytte ressursane våre så skånsomt som mogeleg. Slik må det også vere i framtida!, seier Torill Eidsheim i dette innlegget.

– Vi er blitt eit foregangsland på å utnytte ressursane våre så skånsomt som mogeleg. Slik må det også vere i framtida!, seier Torill Eidsheim i dette innlegget. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Det er ingen plan for ei massiv utbygging med vindmøller i fjellheimen vår. Men det er viktig at vi tek stilling til kva fornybare energikjelder vi ønskjer å nytte og korleis.

DEL

MeiningarHer i vest har vi lenge vist eit pragmatisk syn på å nytte naturressursane våre. Stølsheimen er eitt av eksempla.

Verda treng fornybar kraft, og vi bør ta vår del av ansvaret for å sikre ei bærekraftig utvikling av både energiproduksjonen og -bruken.

Det som no skjer frå statleg hald, er ei kartlegging. Det har mangla. Vi treng kunnskap om moglegheiter og konsekvensar for å fatte gode beslutningar for framtida. Vindmøller er ei av fleire potensielle fornybare energikjelder. Når denne kartlegginga av områder som KAN eigne seg er gjort, må den neste store oppgåva vere å sjå heilskapleg på vidare planlegging. Det som skal velgjast og planleggast må syne respekt for naturen.

Vi har valgt å nytte fleire områder til vasskraft i fjellheimen vår. Dette har vi nytt godt av både lokalt med velstandsvekst og arbeidsplassar, men det har også vore eit viktig bidrag nasjonalt og internasjonalt.

Eg har brukt mykje av mitt liv på å ferdast i Stølsheimen. Hjartet mitt ligg i Dyrkolbotn. Ingen stad gir meg meir ro i kropp og sjel. Anleggsdrifta i Matrefjella har eg ikkje alltid vore like glad i. Men eg må innrømme at å vandre rundt i desse fjella gjer meg framleis stolt. Her har mine forfedre vandra før meg. Dei har drive og forvalta fjellområda vel med jakt, fiske, landbruk og turisme. I dag ville eg, med rak rygg, ha kunne vist dei at nasjonen vår har klart å utvikle energiproduksjon her. Vi er blitt eit foregangsland på å utnytte ressursane våre så skånsomt som mogeleg. Slik må det også vere i framtida!

Vi treng fornybar kraft. No må vi først kartlegge for å kunne fatte gode avgjersler. Ei bærekraftig energiutvinning skal både ta vare på klima og naturen vår!

Torill Eidsheim, Stortingsrepresentant Høgre

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags