Vindkraft på land - for kven?

Av
DEL

LesarbrevVindkraft på land – for kven?

Møtet «Vindkraft, miljø og samfunn», om vindkraft måndag 28.01.19 på Knarvik bibliotek samla full sal og vel så det, blei lærerikt og opplysande. Innleiarar var Cato Aall frå Vestlandsforskning, Signhild Dyrkolbotn, leiar ved Dyrkolbotn leirskule og Rune Tjore, frå konsulentfirmaet Reservebenken. Det var sagt at presentasjonane skulle leggjast ut på biblioteket sin nettside. Tilrår!

«Kva treng med denne straumen til?» siterte Aall ein sindig vestlending, og konkluderte at me treng han ikkje. Me har nok straum, særleg om me også kan få forbruket ned, noko me må. Me må bruke mindre energi, ikkje bare få ein overgang til fornybar energi. Han mente me no har så kort tid på oss for å få ned utsleppa, at med treng ein «time out», stoppe auken i forbruket, få det ned, endre praksis, og så - når ny, rein teknologi føreligg, kan me eventuelt ta opp aktivitetane att.

Aall hadde også tankar om bruken av tvang. At dette er noko fleire forstår er nødvendig, helsa han velkomen. Høybråten og røykelova blir no trekt fram – utan «tvang» hadde barn og vaksne framleis pusta inn forureina nikotinluft alle stader. 2 graders målet er enno viktigare. Folk vil skjøne upopulære avgjersler, vi treng politikarar som vågar å gå føre...

«Prosessen som er sett i gang med kartlegging over heile landet av moglege vindkraftparkar er utilfredstillande og udemokratisk, fordi vindkraftselskap kontaktar einskilde grunneigarar og kommunar FØR kommunar, fylke og Storting har drøfta og vedteke ein nasjonal rammeplan», meinte Rune Tjore. Han viste m.a. til Flora, der ordføraren vart sitert i avisoverskrifta «Me er blitt overkøyrt», og utbygging som blir endre undervegs, med kraftig auke i storleik på møllene og flytting frå avtala lokalitet.

Han viste også til berekningar for energi effektivisering som kunne gi tilsvarande energi som utbygging av vindkraft.

Tjore viste også til at arealtilgangen for selskapa er styrt via kontakt med den einskilde grunneigar, i ein sterkt ubalansert maktrelasjon, og ikkje av samfunnsinteressene og ei demokratisk avklart forvalting av naturen som allmenning, ein fellesressurs. Han viste også til dilemmaet i selskapa sine rekneskap der natur er sett som «gratis», ikkje har nokon pris. Hadde han det hatt, hadde økonomien vore heilt annleis.

Eit anna viktig poeng Tjore drog fram var fråveret av heimfallsretten i vindkraftutbygginga, ein heilt uforståeleg forskjell frå utbygginga av vasskraftutbygginga, meinte han. Særleg når ein seg kor fort vindkraftutbyggjarane sel dei etablerte parkane til utanlandske energiselskap. Han meinte dette både aukar straumprisane generelt og at vindenergien tener utanlandske interesser meir ein norsk næringsliv og norske hushald.

Signhild Dyrkolbotn kritiserte også prosessen, overkøyring av lokalt og regionalt sjølvstyre og utholinga av demokratiet det innebar.

Fleire i publikum, m.a. Astrid Aarhus Byrknes, tok ordet i ein engasjert diskusjon etter innleierane var ferdige. Dei frammøtte hadde tydelegvis fått både ny informasjon og utvida forståing for problema rundt vindkraftutbygging. Både innleiar og biblioteket fekk velfortent applaus.

Med helsing

Anita Bakken og Leif Johnsen,

Alver MDG.

 – Kjenner eg blir uroa av tanken 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags