Masfjorden Senterparti vil arbeide aktivt mot utbygging av vindmøller i Stølsheimen og Fjonfjella i Masfjorden kommune.

I Stølsheimen er det planar om å bygga hundrevis av vindmøller som desse. Her frå det som då var ein av Europas største vindmølleparkar på Smøla.

I Stølsheimen er det planar om å bygga hundrevis av vindmøller som desse. Her frå det som då var ein av Europas største vindmølleparkar på Smøla. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI avisene ser me at det er mange som protesterer mot bygging av vindmøller i Stølsheimen og Fjonfjella. Det ser ut til at dei politiske partia ikkje har teke noko standpunkt for eller imot, men sit på gjerde og vil vente å sjå kva som skjer. Dei som vil bygge ut ventar ikkje.

På eit styremøte i Masfjorden Senterparti 25 oktober 2018 vart saka om vindmøller i Stølsheimen diskutert, og styret kom fram til fylgjande konklusjon, og samrøystes vedtak:

Masfjorden Senterparti vil arbeide aktivt I MOT utbygging av vindmøller i Stølsheimen og Fjonfjella i Masfjorden kommune.

Vindmøller bør byggjast der behovet for straum er størst. Dette området har bidrege med ei stor utbygging av vasskraft med dei naturinngrep det har påført området.

Senterpartiet er positive til produksjon av rein energi og meiner at hav-vindmøller er eit mykje betre alternativ.

Sitat slutt.

Begrepet «å kjempe mot vindmøller» har tidlegare vore brukt om håplaus kamp mot overmakta. Det har vore kjempa mot overmakta før i desse fjellområda, ei historie som me ikkje må gløyme. No er det pengemakta me må kjempa mot. Den kampen må me ta.

Det kjem nokon etter oss som vil stille spørsmål om kva me gjorde med fjella våre/deira.

Me treng ikkje, og må ikkje rasere desse vakre fjellområda.

Masfjorden Senterparti

Styret

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags