Plasser vindmøller i havet - bevar fjella

Av
DEL

MeiningarEin stor takk til ordførar i Lindås - Astrid Aarhus Byrknes, Turlaget/DNT, Stordalen Vel, grunneigarar og mange andre for deira engasjement i kampen mot planane om å bygge vindmøller i fjellområda i Nordhordland og Gulen.

Tidligare inngrep i disse områda blir berre riper i lakken samanlikna med det som no er skissert. Visuelt vil møllene påvirke det vi ser og opplever ved ein fjelltur i eit omfang vi aldri har sett her til lands før. Kanskje er det ikkje like enkelt for alle å danne seg dette bildet før møllene står der, men då er det for seint å reagere. På toppen av møllene blir det eit blinkande raudt lys 200 til 250m over fjelltoppen dei står på. Og det er snakk om fleire hundre møller.

Sannsynlegvis blir møllene demontert den dagen dei går av «moten», men naturen ligg igjen med sår/inngrep. Sår som kun neste istid kan rette opp i - eit dystert perspektiv i mine auge. I snitt vil kvar mølle kreve 800 hundre meter veg. For å kunne transportere dei store konstruksjonane må bredden på vegen nærme seg ein normal 2-feltsveg, spesielt i svingar. Framfor kvar mølle må det planerast eit område på størrelse med ei halv fotballbane for montasje og seinare vedlikehald.

Praktiske ulemper:

1) Støy. Rundt 100 db i nærheten av møllene. Grense for påbudt hørselvern på ein arbeidsplass ligg rundt 85db. Disse tala er logaritmiske så ein auke frå 85 til 95 vil opplevast som ei dobling av støyen.

2) Fugler, spesielt storfugl som ørn m.fl, blir ofte råka av møller. Dette har vi fleire eksempel på her til lands allerede. Påvirkning av dyreliv i område med møller er mindre kjent, men det bør også klartleggast. Det har den seinare tid blitt hevda at mangfold av dyr på kloden er redusert med 60% sidan 1970.

3) Vinterstid kan vi risikere at det blir forbud mot å ferdast i store områder rundt møllene p.g.a. faren for ising - og når denne løsner.

Alternative løysingar:

Dersom vindmøller tvinger seg fram bør disse plasserast i havet. Prototypen på ei flytande vindmølle har produsert straum sidan 2009, og ved Skottland er det plassert mange både faste og flytande møller allerede. Blir disse demontert i framtida etterlet dei ingen spor.

Vi må no ha is i magen. I følge Equinor (tidligere Statoil) vil vindmøller til havs snart vere konkurransedyktige i pris, og kan bli ein viktig eksportartikkel i seg sjølv. I det siste har Equinor kjøpt lisens for installasjon av vindmøller i havet på austkysten av USA.

Mitt hjartesukk er at vi må la komande generasjonar forvalte det som er igjen av urørt natur i Noreg, den utgjer no kun 12% av arealet.

Eit spørsmålet er også kor stor del av energibehovet kan dekkast med solceller. I dag kan disse monterast som tak på hus til liks med andre takløysingar. Vidare blir nye hus isolert så godt at varmen frå tekniske installasjoner som fryseboks, vaskemaskin, datamaskin, TV etc. langt på veg dekker behovet for oppvarming.

Det er ikkje miljøet på kloden som ber om vindmøller – det er menneska og deiras behov for energi i ei ny form. Vindmøller på land er lokalt ei belastning.

Eg oppmodar på det sterkaste lokalpolitikarar i alle berørte kommunar, både i Hordaland og Sogn og Fjordane, om å danne ein felles front mot vindmøller i fjella rundt oss.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags