JA til havvind – NEI til vindkraft i Stølsheimen og Nordhordland

Alver Arbeidarparti seier klart NEI til vindkraft i sårbare og urørte naturområde på land og JA til satsing på offshore vindkraft, skriv Øyvind H. Oddekalv i dette innlegget.

Alver Arbeidarparti seier klart NEI til vindkraft i sårbare og urørte naturområde på land og JA til satsing på offshore vindkraft, skriv Øyvind H. Oddekalv i dette innlegget. Foto:

Av
DEL

LesarbrevNorges vassdrags- og energidirektorat (NVE) skal levere nasjonal ramme for vindkraft på land til Olje- og energidepartementet innan 1. april 2019. Her vil NVE identifisere dei mest «egnede områdene» for utbygging, deretter skal departementet sende ramma på høyring. Analyseområde 18 i den nasjonale ramma er Stølsheimen og fjellområda i Nordhordland, frå Vikafjellet i aust til Byrknesøy i vest. I Mijødirektoratet sin uttale har dei skjerma Stølsheimen, men store fjellområde vest for E39 i Romarheimsdalen har heller ikkje Miljødirektoratet utelukka for utbygging.

Det er i dette analyseområde 18 ein finn Norsk Vind Energi AS sine gigantiske planar for vindkraftutbygging, «Hordavind». Dette vil bli Europas største vindkraftpark på land med kring 235 vindturbinar med høgd på 200-250 meter. Utbyggjinga vil dekkje over 65 kvadratkilometer og det vil bli bygd 180 kilometer med veg i området. På godversdagar vil vindturbinane vere synlege på 50 kilometers avstand.

Resultatet vil vere industrialisering av store område med urørt og sårbar natur, og verdfulle natur- og friluftsområde vil forringast. Med infrastrukturen ein skal ha på plass vil irreversible inngrep i naturen vere resultatet, og unike område med urørt natur vil vere tapt for framtidige generasjonar. Denne galskapen må stoppast! Heile analyseområde 18 må takast ut av nasjonal ramme for vindkraft på land.

Det er ikkje berre uproblematisk å realisere fornybare energiprosjekt, men når det kjem til vindkraft fins det alternativ. Her går utviklinga mot flytande vindturbinar til havs, og den går raskt. Det er viktig at vi støttar opp om denne satsinga, noko som vil sterkt redusere behovet for store utbyggingar av vindkraft på land. Og det er avgjerande viktig at Staten har verkemiddel og insentiv til dette, spesielt gjennom Enova.

Hywind-satsinga til Equinor er svært framtidsretta, noko dei har vist med den første vindpark utanfor kysten ved Skottland. Og først i løypa for realisering no ligg Hywind Tampen, her skal som kjent turbinane monterast i Gulen. Men og for at det kan byggjast fullskala vindparkar offshore, er det spesielt viktig at Utsira Nord blir opna. Her er det potensiale for ein vindpark med ein effekt opp mot 500 MW!

Det fins alternativ til storstilt vindkraftutbygging i sårbare og urørte naturområde på land, framtidas vindkraft vi vi finne flytande til havs. Alver Arbeidarparti seier klart NEI til vindkraft i sårbare og urørte naturområde på land og JA til satsing på offshore vindkraft. 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags