– Småleg og distriktsfiendtleg av Tine å innføre gebyr

1. februar innførte Tine gebyr på småleveringar: 150 kroner for leveringar på under 1000 kroner, og 100 kroner for leveringar på under 1500 kroner.

1. februar innførte Tine gebyr på småleveringar: 150 kroner for leveringar på under 1000 kroner, og 100 kroner for leveringar på under 1500 kroner. Foto:

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

LeiarOnsdag fortalde vi at utkantane i Nordhordland må kjempe nok ein kamp. Denne gongen er det Tine som byr på trøbbel for dei små nærbutikkane.

1. februar innførte meierigiganten ei ny avgift på småleveringar. 150 kroner for leveringar under 1000 kroner og 100 kroner for leveringar under 1500 kroner.

Butikksjef Kariann Ekren på Kvingo meiner dei minste butikkane kan bli pålagt ein meirkostnad på 10.000 kroner i året, noko som utgjer ein ikkje uvesentleg kostnad for småbutikkar som allereie har lite å gå på.

Dette rammar nærbutikkane i Nordhordland og landet elles. For nærbutikkane på Feste og Kvingo er resultatet at dei har måtte kutte ut ei av to leveringar i veka.

Nærbutikkane tener frå før lite pengar på mjølka og vil no stå i fare for å tape pengar på å selja mjølk.

Nærbutikkane kjempar frå før ein priskamp mot dei store daglegvarekjedene, og er avhengig av mest mogleg sal for å sikre innteninga. Det er ikkje nok at kundane berre kjøper nokre få varer og det dei har gløymt frå storhandelen.

Dersom det no også blir slik at butikkane ikkje kan tilby mjølk med lang haldbarheit, risikerer butikkane kundeflukt.

Vi meiner dette er småleg av meierigiganten Tine. Tine omset for 18 milliardar og hadde i fjor eit overskot på 1,7 milliardar. Meieriet har altså ikkje problem med innteninga.

Når dei innfører ei slik avgift rammar det distrikta, ikkje berre i Nordhordland, men landet rundt.

Vi har allereie sett liknande i Posten. Posten leverer ikkje lenger på laurdagar, og ymtar også frampå at det kan bli slutt på levering på enkelte vekedagar.

Dessverre har den bedriftsøkonomiske tankegangen fått innpass på altfor mange område.

Dette er småleg og distriktsfiendtleg av Tine. Kva med å gje eit raust armslag til nærbutikkane? Det ville gjort Tine endå meir populære – og det hadde heller ikkje gått på økonomien laus.

Vi meiner dette er småleg av meierigiganten Tine.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags