Austrheim treng ny politisk leiing!

Av
DEL

LesarbrevVi kan med bekymring lese kva som skjer på Askøy med dårleg drikkevatn og konsekvensar det får for helsa til innbyggjarane. Det står å lese både i aviser og sosiale media at innbyggjarane på Askøy er sinte og har mista tillit til både administrasjon og politikarar. Kan det gå så gale i Austrheim som det har gjort på Askøy? Austrheim har eit stort etterslep av vedlikehald på vassleidningsnettet i kommunen. Arbeidarpartiet har styrt samanhengane sidan 2003 og likevel har partiet framleis på programmet at dei skal innhente etterslepet på vedlikehald på vassleidningsnettet. Kvifor har ikkje dette blitt prioritert og gjort noko med tidlegare?

Ein solid og god kommuneøkonomi er ein føresetnad for å kunne levere gode og naudsynte tenester. Grunnleggande behov som friskt vatn, tilgang på helsetenester, skuletilbod, barnehagar m.m. er naudsynt for at innbyggjarar og eit samfunn skal fungere. Innbyggjarar må kunne lite på at kommunen sin administrasjon og politikarane som sit i posisjon er i stand til både å prioritere og levere tenestene som kommunen er lovpålagt. Arbeidarpartiet vil ifølge sitt partiprogram for neste periode blant anna planleggje å bygge eit 25 meter langt basseng og gje 100 % stilling til alle kommunalt tilsette som ønskjer det. Tek dei ikkje den økonomiske situasjonen på alvor? Arbeidarpartiet sitt program verkar useriøst og har ikkje rot i den økonomiske verkelegheita. Viss Arbeidarpartiet kjem i posisjon også i neste periode risikerer ein at kommunen ikkje lenger klarer å levere eingong minstekravet til kommunale tenester.

Austrheim ein Robek-kommune

Det har gått stadig dårlegare med økonomien til Austrheim og den 28. juli 2018 hamna kommunen på den berykta Robek-lista. Dette er inngriping i Austrheim kommune sin sjølvråderett over eigen økonomi som blir gjort med heimel i kommunelova § 60 nr. 1 når ein kommune er i økonomisk ubalanse. Det er berre 14 andre kommunar i heile Noregs land som må få godkjenning frå ein anna instans, fylkesmannen, når det blant anna skal gjerast vedtak om låneopptak. Dette svekkjer lokaldemokratiet og det er skammeleg at kommunen har stelt seg så dårleg økonomisk. I Austrheim har Arbeidarpartiet sete i posisjon med ordføraren samanhengande dei fire siste periodane og må difor ta på seg det politiske ansvaret for at økonomien har blitt dårleg. Administrasjonen har forsøkt i lengre tid å få budsjett i balanse ved å kutte utgifter på alle tenkjelege område. Blant anna har fleire kommunalt tilsette fått avslutta sitt engasjement – og då innan barnehage og skule. Administrasjonen bedyrar no å ha kontroll på økonomien og håpar på å kome seg ut av lista i løpet av kort tid. Det kjem likevel til å ta lang tid før Austrheim kommune får solid nok økonomi til å gjennomføre investeringar og iverksetting av tiltak utover det som er lovpålagde tenester.

Økonomi og partiprogram

Høgre lovar ikkje svære basseng eller andre luftslott. Høgre leverer eit program som er ei arbeidsliste over kva som må gjerast for at kommuneøkonomien igjen skal bli god før det er forsvarleg å gjennomføre større investeringar. Innbyggjarane i Austrheim har også behov og rett på å bu i ein kommune som har ansvarlege politikarar som tek gode avgjersler og prioriteringar. Innbyggjarane skal ikkje måtte uroe seg for om vatnet er reint, at det er nok vasstrykk slik at ikkje vaskemaskiner blir øydelagde, om avløp fungerer, om ein får helsehjelp eller om ungane har gode skule- eller barnehagelokale. Høgre skal arbeide for å gje innbyggjarane kommunale tenester som dei kan lite på blir levert kvar dag. Å stemme i eit kommuneval handlar om å gi stemme til det partiet dei kan lite på gir ein trygg og føreseieleg kvardag. Eg skal som ordførarkandidat for Høgre i Austrheim arbeide for ein solid økonomi og gode tenester slik at innbyggjarane kjenner at dei bur i ein kommune der dei er trygge og varetatt.

Inger-Lise Brekke

Ordførarkandidat Austrheim Høgre

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags