La ungdommane i Alver røyste

Av
DEL

LesarbrevSom 16-åring kan du gjere mykje. Mellom anna kan du gjera noko som er i ulovleg, møte i retten og bli dømt for det. Lovene du blir dømd etter har du derimot ingen påverknad på. Vi i Unge Venstre meiner det er på tide å forandra på dette og vil gje ungdommane her i Alver kommune røysterett ved lokalvalet.

Ungdommar må bera syndene til foreldra
For det er trass alt ungdommane som skal leva med dei vala ein tar i politikken i dag. Dommedagsklokka har ikkje plassert oss såg nær undergangen i verda sidan 1953 og klimakrisen heng over oss som ein enorm skugge. Kva vi gjer no, òg lokalt her i Alver kommune, kan bety skilnaden mellom kaos og velstand om tjue år.

Og det er ikkje vaksne som ber konsekvensane av vala som blir no tatte, det er ungdom.

I tillegg til at ungdommar i stor grad blir påverka av kva lokalpolitikarane vedtar om busstilbod, kulturtilskot og skulepolitikk, finst det enkle og praktiske argument for å utvida røysteretten.

Unik moglegheit for praktisk demokrati
Valdeltakinga deira vil med stort sannsyn vera større enn han er blant førstegongsveljarar i dag. Medan 18-, 19- og 20-åringar er i den kanskje mest turbulente fasen av livet, med friår, flytting og Forsvaret, sit dei fleste 16- og 17-åringar på skulebenken.

Vi får dermed ein unik moglegheit til å læra bort praktisk demokrati til elevane og engasjera dei i valet på ein mykje meir direkte måte enn i dag.

Å senka røysterettsalderen er både eit gode for ungdom som bryr seg om framtida si, for dei som tar avgjerdene, og for demokratiet som heilskap. Derfor er det heilt tydeleg for oss i Unge Venstre at vi burde utvida demokratiet først som sist.

La oss gi unge meir makt over si eiga framtid.


Marius Hellan Hindenes
Ungdomskandidat Alver Venstre

Agnes Hoshovde Bernes
Ungdomskandidat Vestland Venstre

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags