Alver kommune må gjera det enklare for lokale leverandørar

Høgre vil gjera det enklare for små lokale bedrifter å kunna delta i anbodsprosessar og levera tenester til Alver kommune.

Høgre vil gjera det enklare for små lokale bedrifter å kunna delta i anbodsprosessar og levera tenester til Alver kommune. Foto:

Av
DEL

LesarbrevHøgre vil gjera det enklare for små lokale bedrifter å kunna delta i anbodsprosessar og levera tenester til Alver kommune.

Mange lokale bedrifter har lenge etterlyst lettare tilgang til offentlege kontraktar, men kompliserte og ofte svært ressurskrevjande anbodsprosessar gjer at mange små trekkjer seg. Det har vi dessverre sett fleire døme på, også i Alver.

Alver kommune vil kjøpa varer, tenester og utstyr for mange titals millionar kroner kvart år. Høgre vil bruka innkjøpsmakta for å leggja til rette for at små og mellomstore lokale bedrifter kan levera til kommunen.

I dag er det ofte enklast for dei store leverandørane å delta i anbodsprosessane. Det skuldast mellom anna at vi ikkje nyttar det handlingsrommet vi har for å handla lokalt.

Vi er heilt avhengig av at bedriftene i kommunen vår får fleire nye arbeidsplassar i åra som kjem. Det offentlege bør bruka innkjøpsmakta si til å skape fleire jobbar.


Vi vet at det for mindre verksemder kan opplevast tungt å levera tilbod til det offentlege. Difor vil Alver Høgre jobba aktivt for at fleire lokale små og mellomstore bedrifter skal få kommunen som kunde.
Høgre vil at kommunen går i dialog med det lokale næringslivet for å finna ut kva hindringar dei opplever når dei prøver å levera produkt eller tenester til kommunen.

Små og mellomstore bedrifter kjenner ikkje alltid kommunen sine spesielle prosedyrar og er kanskje usikre på kvar dei skal begynne. Difor er god dialog første steg i arbeidet med å få fleire lokale leverandørar til kommunen.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags