God infrastruktur er av høg verdi for landet vårt. Derfor doblar vi investeringsmidlane i Nasjonal transportplan. Vi skal byggje mykje nytt, men vi skal også vedlikehalde det vi har. Gjennom dobling av bevilgningane til vedlikehald har vi stoppa tidlegare forfall. Innsatsen på vedlikehald gjer at vegane er no er i gradvis betre stand når året er slutt. Dette får vi til samtidig som bilrelaterte avgifter i sum går ned. Ja, det er riktig. Bompengar, drivstoffavgifter, årsavgifter, eingangsavgift, registreringsavgifter – er i sum lavare no enn i 2013.

I lokalmedia har fleire lesarinnlegg den siste tida dreidd seg om å prøve å svekke Høgre sin truverdighet som garantist på samferdselsatsing.

 

Per Nordø framstår no i lokalmedia som framste ambassadør for vegbygging i Nordhordland, men dette samsvarer ikkje heilt med hans tidlegare innsats på ei rekkje vegsaker; som Nordhordlandsbrua, Storegga ved Åse, Fosenstraumen etc Eg minnast best intens kamp, som stort sett dreidde seg om å hindre utbygging av nye viktige samband. Men det er kanskje aldri for seint å endre standpunkt? Om eg les han rett, så etterlyser han raskare avgjerdsler. Eg er einig i at Statleg plan kan vere bra. Det kan vere eit godt verkemiddel der det ikkje kan forventast at den ordinære kommunale planlegginga og lokale dragkampar vil kunneføre til eit godt resultat. Regjeringa Solberg har som mål å auke bruken av statleg plan for store, viktige samferdselsprosjekt.

Les også

Valet er ikkje «berre» eit regjeringsval, det er først og fremst val av nytt Storting

 

Å leggje skulda på statsminister Erna Solberg for at E39 Vågsbotn - Klauvaneset ikkje står ferdig er drygt. Den skulddelinga får vi ta lokalt. Gang på gang – heilt tverrpolitisk – har vi klart å skusle bort mogleigheiten til å få den prioritert. I dag står ein med gamle, lite tenlege planar. Eg har registrert at Ap i valkampen lovar oppstart i 2018. Interessant. For det låg ingen andre planar enn ein komplett utdatert Nyborgtunnel i skuffa då regjeringa Solberg overtok etter Stoltenberg. Dette jobbar Statens vegvesen med no.

Les også

Ei betre framtid må veljast no!

 

Både regjeringa og stortinget har i si behandling av Nasjonal transportplan uttalt at planlegging av strekket E39/E16 Klauvaneset – Arna skal prioriterast høgt og at det må sjåast i samanheng. Og det hastar!

NTP er heilt riktig «berre» ein plan – ein plan for kva regjeringa vil gjennomføra dei kommande 12 åra. Det følgjer med eit anslag på at det vil koste 1000 milliardar å innhente det forsømte og byggje det som Noreg treng på samferdselsområdet. Ei historisk høg satsing! Når Per Nordø viser til at det ikkje er eit bindande dokument, reknar eg med at han då tenkjer på at det til sjuande og sist skal bevilgast pengar over dei årlege budsjetta. Historia viser at Ap og dei raudgrønne planla mykje, men også kutta og endra mykje i planane sine.

Høgre i regjering har dei siste 4 åra fullført planane og fått plass til enda litt ekstra. Nye idear og betre løysingar viser resultat. Tydelege politiske føringar og incentiv for Vegselskapet ser ut til å kunne gje innsparingar tilsvarande eit lite raudgrønt samferdselsbudsjett. Det vil bli bygd meir veg, meir effektivt, for mindre pengar. Det gir oss moglegheit til å byggje det vi har planlagt - og litt til!