I skuleløftet som Arbeiderpartiet har lansert for neste stortingsperiode vil vi tilsetje 3000 nye lærarar. For kommunane som skuleeigarar og ansvarlege for skuledrifta i kommunane, er dette godt nytt!

Arbeiderpartiet meiner det er trong for ein ny skulepolitikk, og skal vi få ein betre skule må vi tilsetje fleire lærarar. Dette er ein føresetnad for betre læring, og for at den enkelte eleven får nok hjelp og at alle er trygge og trivs.

Arbeiderpartiet vil ha fleire lærarar for å kunne innføre ein lærarnorm, først på dei tidlege trinna. Dette må til for at tidleg innsats skal gi meining og for at kampen mot mobbing kan intensiverast. Signala frå Utdanningsforbundet er tydelege, det er trong for ein lærarnorm i skulen. Vi lyttar til lærarane når dei seier dei treng meir tid for å kunne følgje opp alle elevar, derfor må vi ha fleire lærarar i skulen. Her er det stor skilnad på Arbeiderpartiet og regjeringspartia, Høgre/FrP ønskjer ikkje å tilsetje fleire lærarar.

Les også

Ingen blir lukkelege eller rike av ein øydelagt klode

 

3000 nye lærarar vil føre til eit kvalitetsløft i både Hordaland og vår eigen region. Dette vil gi 300 nye lærarar i Hordaland og 25 nye lærarar i Nordhordland, berre i t.d. Meland vil det gi inntil 5 nye lærarar på dei tidlege trinna.

For Arbeiderpartiet er fellesskapsløysingar innan skule, helse og eldreomsorg viktigare enn skattelette for dei rikaste. Dersom du vil ha fleire lærar og betre kvalitet i skulen må du stemme Arbeiderpartiet på valdagen 11. september. Godt val! 

Les også

Valet er ikkje «berre» eit regjeringsval, det er først og fremst val av nytt Storting