Auka utgifter, kutt i skattane og rekordtapping av oljefondet. Dette går ikkje på sikt

Leif Sande

Leif Sande Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Skal vi kunna oppretthalda velferdssamfunnet vårt må vi betala skatt. Det er velferdssamfunnet som har gjort at vi saman med dei andre nordiske landa vert kåra til eit av de landa i verda som er best å bu i. Alle dei nordiske landa er kjenneteikna av å være gode velferdssamfunn med ei sterk fagrørsle.

Dagens regjering har i mangel av skatteinntekter auka overføringane frå oljefondet. Eg forstår ikkje med min beste vilje korleis det heile skal gå i hop dersom vi skal fortsetja slik som Frp og Høgre gjer ved å lova nye skattekutt ved kvar einaste korsvei. Fondet er no om lag 6800 milliardar justert for svak krone. No er situasjonen den at vi tar meir ut av oljefondet enn det vi puttar inn.

For Høgre og Frp som eigentlig ønskjer å privatisera mykje av det staten og kommunane driv med, kan det sikkert væra greitt. Ein dag vil dei berre sei kunna sei «vi legg ned den tenesta eller avviklar den ytinga, du skal få skattekutt, så kjøper du det sjølv i marknaden. Frp har i sitt program gått så langt at dei skriv: Hovedmålet er sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep. Så ein måte å nå hovudmålet på, er sjølvsagt å bruka for mykje pengar. Då må oppgåver og ytingar fjernast, og Frp nærmar seg målet.

Arbeiderpartiet er usamd med denne politikken. Høgre/Frp har så langt gitt 21 milliardar i skattekutt. Dei aller rikaste i landet har fått desidert mest. Dette aukar ulikheitene mellom folk. Arbeiderpartiet har sagt vi vil trekkja 15 av desse inn igjen. Då på en slik måte at folk med inntekter rund 600.000 og lågare skal få mindre eller same skatt. Att for dette skal folk få betre ein skule med vekt på tidleg innsats, betre omsorg for eldre, og ikkje minst tryggleik for at vi har et oppegåande gratis helsevesen med dei beste medisinar den dagen du trenger det. Svelteforar vi det offentlige helsevesenet vil folk i stadig større grad kjøpa helsetjenester privat, og det offentlige gratis helsevesenet fort forsvinn. Heile verda misunner oss vårt helsevesen. Ikkje la oss øydeleggja det med at vi ikkje vil betale skatt.

Vi er av same grunnar også imot å ta bort formueskatten. No har alt regjeringa redusert den utan at det kan dokumenterast fleire arbeidsplassar. Dette har ført til tap for det offentlege på 4,8 milliarder. Bortfall vil føre til et ytterlegare tap for det offentlige på 13 milliardar. Av dette vil rundt 10 milliardar gå rett på kommuneøkonomien. For Lindås betyr det om lag 15 millionar, Radøy 6,5, Austrheim 7,6 Fedje 0,7, Masfjorden 1,9, Meland 5,9. Dette er 2015 tal og er høgare i dag.

Vestlandet fortjener ei ny regjering som tar vanlige folk på alvor. Ikkje ei regjering som ber oss betale vår del av fellesskapet sine utgifter, medan dei rikaste skal sleppa.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken