Ap og Støre sin medisin er feil for Vestlandet, og er feil for dei unge

Stortingsrepresentant Ove Trellevik frå Høgre går hardt ut mot Ap og Jonas Gahr Støre i dette innlegget om kva politikk som er best for Vestlandet.

Stortingsrepresentant Ove Trellevik frå Høgre går hardt ut mot Ap og Jonas Gahr Støre i dette innlegget om kva politikk som er best for Vestlandet. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevArbeiderpartiet og Støre har starta sin valkamp. Dei skal freiste veljarane med auka skattar og bekjempe arbeidsløysa for dei unge under 30 år. Heilt sidan fallet i oljeprisen har Ap brukt arbeidsløysa som ei hovudsak, utan at dei har fått med seg at regjeringa sin politikk verkar. Ledigheita er på veg ned. Det er rekordstor innovasjon i næringslivet, og historisk mange nye verksemder ser dagens lys. Dei fleste næringar forutan olje og gass sektoren opplever vekst. Likevel, vi treng fleire arbeidsplassar i dei private verksemdene på Vestlandet.

Det er då spennande å sjå at Ap og Støre vil auka skattane på norske arbeidsplassar i håp om at det vil bidra til fleire arbeidsplassar! Høgre meiner at mest mogeleg av verksemdene sitt overskot bør brukast til reinvisteringar i nye produkt, innovasjon, marknadsarbeid etc. Det er med å bidreg til nye lønnsame arbeidsplassar. Dette er viktig her på Vestlandet der mange bedrifter slit innan olje & gass der dei også omstiller seg til ny verkelegheit.

Gode døme på det er f.eks. CCB som satsar på logistikk og basefunksjonar til andre bransjar, f.eks. maritim næring. Auka skatter og avgifter er iallfall ikkje løysinga for verksemder som er i omstilling. Formueskatten treff også kunn norskeigde bedrifter og norske eigarar, medan utlendingane går fri. Det vert ikkje mykje nye arbeidsplassar av ein slik politikk.

Innan yrkesfag har me hatt eit godt løft. Fråværsgrensa som har ført til at fleire elevar er på skulen og fullfører utdanninga si gjer resultat. Regjeringa med Høgre i spissen har også auka tilskotet til lærlingar heile fem gongar med 21.000 kroner, medan Ap og Sp ikkje styrka ordninga då dei hadde makta. Ordninga stod bom stille i åtte raudgrøne år. Ap vil som Høgre at dei unge skal få arbeid. Ap vil derimot at kommunane skal få plikt til å garantere dei arbeid. Det blir neppe betre barnehage, psykiatri, skule, helse- og omsorgstenester i kommunene av den grunn?

Regjeringa har også oppnådd gode resultat med tiltakspakkane og politikken retta mot arbeidsløysa og ungdom. Resultata er at ungdomsledigheita går ned. Nok ein gong vil Ap reversera dei tiltak som regjeringa har satt i verk for å få dei unge ut i arbeid i privat sektor. Det kan verke som Støre og Co føler behov for å snakka ned utviklinga, for å snakke opp sin eiga valkamp. Ap har endra taktikk fordi dei ser regjeringa sin politikk verkar. Dei starta med fokus på arbeidsløyse. Når den no går ned, flytta dei fokuset til ungdom under 30 år. Men, her leverer regjeringa også gode resultat. Utfordringa er at omstilling tar tid, og den tida nyttar Ap til å svartmåle regjeringa sin politikk og den verkelegheita som rår på Vestlandet.

Ove Trellevik

Stortingsrepresentant for Hordaland Høgre

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags