Ta vare på framtida!

Karina Garnes Reigstad (MDG) meinar at stortingsvalet i september må bli vendepunktet for norsk klimapolitikk

Karina Garnes Reigstad (MDG) meinar at stortingsvalet i september må bli vendepunktet for norsk klimapolitikk Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevStortingsvalet i september må bli vendepunktet for norsk klimapolitikk. Valkampen handlar i stor grad om omstilling, arbeidsplassar, kor dyr omstillinga blir og kor urealistisk og uansvarleg det vil vere å stanse ny oljeutvinning. Det få parti snakkar om er kor dyrt det blir ikkje å omstille Noreg, eller endå verre: å leve i ei verd som ikkje når klimamåla sine.

Omstillinga for å nå klimamåla for 2020 vert tøffare for kvar månad vi ikkje kuttar utslepp. Heldigvis seier forskarane at vi kan unngå dei verste konsekvensane, men det hastar! I stortingsperioden 2017-2021 må politikarane ta ansvar for å skape eit bærekraftig samfunn. Klimagassutsleppa må ned og naturmangfaldet bevarast. Vi kan ikkje lenger basere oss på ein uansvarleg oljeavhengigheit og eit aukande materielt forbruk som krev tre jordklodar. Økologi og livskvalitet må leggje rammene for økonomien – ikkje omvendt.

Ein slik kursendring krev ei regjering som tar naturens tolegrense på alvor. Klimaendringar og tap av naturmangfald truar velferda vår. Klimaendringar er ikkje noko som kan skje ein gang i framtida. Dei skjer no. Å løyse dei blir dyrare for kvar dag Stortinget lar vere å ta ansvar.

Noreg har forplikta seg til FNs bærekraftmål og Paris-avtalen. Om vi skal følgje Paris-avtalens mål om maksimalt 1,5 graders oppvarming har vi ca fire år igjen med utslepp gitt dagens karbonbudsjett. 4 år! Den neste regjeringa har det travelt med å endre kurs. Den jobben regjeringa skal gjere vil krevje politikarar som ser behovet for- og som har vilje til å omstille samfunnet og som tør gjere til dels upopulære prioriteringar. Å utvikle eit samfunn basert på ressursar vi kan leve av i mange generasjonar vil krevje langsiktige mål og respekt for natur og medmenneske.

For å ta vare på framtida treng vi fleire bein å stå på. Vi lever i ei avgjerande tid for verda, i eit land med fantastiske mogelegheiter til å gjere ein forskjell. Miljøpartiet Dei Grøne går til val på å bruke dette handlingsrommet og gjennomføre eit ekte grønt skifte i Noreg, endre kurs for samfunnsutviklinga og sørgje for at generasjonane etter oss også vil få tilgang til vår rike naturressursar, velferd og ville natur. Det er no vi har tid, pengar og kompetanse til å ta ansvar for våre barn og barnebarns velferd og verdas framtid. Det er no vi har rom til å starte ein gradvis omlegging frå ein oljeøkonomi til eit mangfaldig og fornybart næringsliv. Det er no vi treng politikarar som evnar å prioritere. Det er no vi treng handling!

Om du vil ta vare på framtida og bidra til å utvikle samfunnet i ei berekraftig retning, kan du melde deg inn i Miljøpartiet Dei Grøne, hjelpe oss i valkampen, og stemme grønt i haustens stortingsval!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags